CLICK HERE FOR BLOGGER TEMPLATES AND MYSPACE LAYOUTS »

lørdag 22. november 2008

Hyttetur med skogsfantomet Gry skogmus :P

Dagen begynte raskt og brutalt klokka åtte om morran. Turen ned til sentrum var ein prøving i seg sjølv. Eg falt ikkje mindre enn tre gonger og ein hindring var i vegen for meg. Eg kom meg endelig på bussen etter ein halvtime. Svett og fæl. Lene er på veg til Moa for så å sette seg på bussen mot Brunstad. Då eg kom frem tok eg fatt på gåturen til hytta med godt mot. Det viste seg at det var godt eg hadde godt mot, for det var tungt. Vasse i snø til låra i 3timer, det tek på! Vi fekk sjå mykje fint opp igjennom då :) Etter endt tur oppi hytta var mørket på veg. Vi satt oss godt under nokre tepper og fyra opp i peisen. Der satt vi til vi måtte på do i seks tida. Det var då vi måtte bruke fantasien sida vi ikkje ville gå på utedoen som lå eit stykke i frå (eigentlig ikkje så langt men...)! Vi gjekk ned i skogen å la ein planke mellom to høgder av snø. Mellom rant det ei elv. Der satt vi å kosa oss i mørke og tenk ingen lukt, FANTASTISK!!! Hehe... Eg kan sei ein ting at når ein er inni skogen på denne tida av året er det lett å tro at det er natt heile døgnet omtrent. Det er så mørkt.Så vi begynte å bli trøtte klokka seks vi, men klarte å holde ut til klokka elleve, då slukna vi totalt.

0 kommentarer: