CLICK HERE FOR BLOGGER TEMPLATES AND MYSPACE LAYOUTS »

mandag 30. juni 2008

Kva skal eg gjere for å forstå Njål Kasto betre?

Dette er eit viktig tema for meg for tida. Njål Kasto prøver å forklare meg noke stadig vekk, men eg har vanskeleg med å forstå han. Trur han prøver å fortelle meg at han ikkje vil ha sko på seg, men problemet er at han ikkje forstår at eg må gå med sko når eg er på jobb! Kanskje eg bør ta enda mer omsyn til han, men kva skal eg gjere? Kan ikkje gå barfot på jobb heller... Har nå blitt kommandert til legen av dei andre pleierne på jobb nå. Dei mener at Njål Kasto må ut av foten min...

Men det store spørsmålet er: Kva er det Njål Kasto eigentleg vil? Noken som forstår?

søndag 29. juni 2008

Dagens morsomme hendelser :P

Morsomme kollegaer, masse sol og eit godt humør gir deg ein god start på kvelden! Alt lå tilrette for at det skulle bli ein morsom dag på jobben... Vi byrja med litt bollar og kaffe, der alt gjekk forholdsvis smertefritt. Tru det eller ei... Eigentleg gjekk denna kvelden veldi greit! Men latteren lå veldig laus... Vi ler veldig av ei dame som eg syns er faktastisk morsom :P Det blei vel ikkje gjort noke spesielt, men alt personen gjer er berre morsomt! Går dessverre ikkje ann å beskrive... Hehe...

Ellers havna eg på sokkane etter nokre få timar...

lørdag 28. juni 2008

Korleis havner ein mutter i felgen på ein bil?

Jo, det kan ein sei... Det er ikkje berre berre eigentleg! Eg har aldri i mitt liv fylt luft i dekka på ein bil, men eg tenkte at detta skulle gå bra :P Det viste seg at det var lettare sagt enn gjort...

Det heile endte med at muttaren falt nedi felgen (trur det er det desse delane heiter)! Å ka gjer ein då? Jo, nå skal du høyre :P Då fann eg ut av at eg måtte ta av den greia heilt på utsia hjulet (haha, veit ikkje ka den heiter :D ) Tralalala... Så heldigvis fann eg muttaren igjen :P Var litt nervøs ei lita stund ja :S

Kvelden endte heldigvis bra :D

torsdag 26. juni 2008

Ka gjer denne skapninga inne på mitt soverom?


Eg lurer verkeleg på kvifor denne stygge edderkoppen var inne på romme mitt i dag tidleg... Ikkje minst korleis har den kome inn? Kan dei krype under og over dørstokker kanskje? Kva skal dei gjere inne på eit soverom? Spise dun? Takknemleg om noken kan hjelpe!!!
PS: Dette er den andre på 6 timer som kravler rundt meg... Har eg ein tiltrekningskraft på edderkopper? Om eg har det så er det i alle fall ikkje noke å skryte av vil eg påstå!

Dagen då ALT gjekk galt :P

Då var fyrste dag på jobben over for i sommar, og det blei ikkje akkurat den dagen eg hadde tenkt meg :P Eg trur eg har lært av mamma at det er lurt å holde youghurt, melk, juice og slike ting oppe på bordet... Haha... Noke som eg ikkje akkurat følgja i dag nei... Det som tidlegare (og for andre er ein enkel sak) var ein enkel sak blei i dag kjempe vanskeleg. Eg slet med å trille ei tralle med mat rett frem (ikkje spør meg kvifor) og ikkje minst å holde maten oppå tralla. Lene klarte likegodt fyrst å velte ned ein youghurt, ikkje lenge etter låg det melk, juice,baconost og youghurt på gulvet (IGJEN!!!). Hehe... Kva skulle eg gjere? Eg håpte at ingen kom og eg måtte rydde opp i ein fei. Det heile endte med at eg skjønte at eg måtte trille ei og ei tralle. Då eg trudde at alt uhell var over for denne dagen klarte eg å miste eit heilt brett med mat (til ein av pasientene vel og merke) rett ned på gulvet. På det fate stod det blant anna to "glass" med piller. Då følte eg meg ikkje veldig høg i hatten nei... Kva skulle eg gjere nå? Det heile endte med at eg måtte liggje på gulvet å finne alle pillene! Det blei heller litt komisk. Lene med rompa rett i veret og dei andre " måpende" på meg... Jaja, håper eg har lært!

onsdag 25. juni 2008

Ka gjer eit gebiss på eit garasjeloft?:P


Haha... Kvifor finns det gebiss på eit garasjeloft og ikkje minst, ken sitt gebiss er dette? Nokre gode forslag? Det er gebisset til ein ung person som har heile livet foran seg :P

Ka gjemmer seg på garasjeloftet?!? :P


Det kan vere så mangt. Heilt utroleg masse rart eigentleg vil eg sei. Alt frå skulebøker til gebiss. Haha... Ein skulle tru at ein rydder bort litt etter litt men det verkar som i mitt tilfelle ikkje er gjort! Kvifor finn eg blokkfløyte pakka ned og ikkje i bruk? Det er jo ein skam! Hehe... Fann ut av at mitt blokkfløyte talent ikkje finns lenger (om det i det heile tatt har vore der noken gong)! Trur ikkje eg skal gå i detalj på alt, men eg kan i alle fall sei at eg fann ein del skuleting frå vidaregåande som eg faktisk kan bruke i dag :P Akkurat det same pensum på masse av det! Utruleg moro å flire av sine eigne stiler (engelsk stilene mest!!!) haha... For eit samfunn! Hadde eg hatt noken å klinke kuler med hadde eg byrja å leika meg der oppe (eller eg gjorde det forresten)! Hehe...

tirsdag 24. juni 2008

Osama Bin Laden på flukt??? :S

Når eg er på reise skjer det alltid noke rart og unormalt vil eg sei... Då eg tenkte på denne lange bussturen (15timer) i forkant tenkte eg at det kom til å bli ein kjempe kjedeleg tur. Sjølv om det alltid skjer noke uventa, noke som det gjorde i natt også! Turen byrja med ei fantastisk dame på bussen ned til Oslo. Ho er den mest hengslete personen eg har sett på lenge. Det er litt vanskeleg å forklare men fekk nå knipsa eit bilete ( kanskje ikkje så smart å leggje ut her nei :P). Vidare gjekk turen over all forventning eigentleg, nesten litt kjedeleg! Hehe... Men på turen frå Oslo blei det fres igjen :D I Oslo kom det på ein mann som ligna Osama Bin Laden! Han hadde måne, var kvit i håret og hadde LANGT skjegg!!! (Har bilete av han men tror ikkje det er så lurt å publisere her :P) Og då meiner eg langt også!!! Eg la merke til han med ein gong, men glemte han litt igjen heilt til vi stoppa på Rugtvedt. Der gjekk han inn på bensinstasjonen for å kjøpe seg pølse i lompe! Hehe:P:P:P Når han kom ut igjen stilte han seg rett på utsia buss vindauge mitt å byrja å nyte denna pølsa... Då tenkte eg, har Osama Bin Laden kome til Noreg? Hmmm... Litt rart også ;) Er ikkje han på flukt eigentleg? Det blir nok bare reiner spekulasjonar dessverre, men eg skal kome tilbake til mer om eg oppdager noke unormalt :P

mandag 23. juni 2008

Kva er det som er galt i forholdet mellom Lene og ein freesbee?

Det er ikkje godt å sei, men trur italieneren på Lanzarote gjorde sitt til at eg skjønte at denne idretten burde eg leggje på hylla! Så då er spørsmålet, kvifor speler Lene freesbee då? I dag blei eg faktisk positivt overraska ( trur eg tok freesbeen i alle fall ein gong!!!). Ganske stolt av det eigentleg :P

Snorka eg så mykje i natt altså??? :P

Hehe... Ein høyrer ein del om myta om ein snorker mykje om natta så blir det fisk neste dag... Lurer litt på om den fisken kan vere av ulike slag eg... I dag har eg tatt på to levande fisk som eg skulle kaste ut i havet igjen :P Den eine måtte eg ta fiskekorken ut av munnen på, noke som Lene ikkje sett heilt pris på nei! Men eg meistra dette også (*stolt*)! Haha...

søndag 22. juni 2008

Korleis bekjempe regn i Torvika?


Då var denne dagen nesten over og Sahara 2008 er historie! Beachvolleyball turneringa som eigentleg skulle bli spelt ute blei flytta inn grunna masse regn og vind. Etter endt dag hadde Ruth Marie og eg gitt frå oss mange lydeffekter og ikkje minst mang ein latter :P Til tross for dette endte vi tilslutt på ein fin 2.plass :D Neste år skal vi igjen prøve å kapre vandrepokalen :P Regnet vant over alle i turneringa og beach blei hardt inne gulv.

lørdag 21. juni 2008

Ein spesiell bildag i juni :P

Eg kan berre sei det ein gong for alle. Eg misliker sterkt å køyre forbi traktorer på smale veger... Det er så sinnsjukt skummelt. Eg har også funne ut at eg og bil ellers ikkje passer i lag... Det er eit eller anna som ikkje stemmer! Heilt merkelig:P Spesielt med vasking av bil :P

Til ære for Njål Kasto :D

NETTOPP D

Melodi: Ein solskinnsdag

Eg svømte en tur i havet
og gjett ka eg fann
Eg fann noke du aldri har sett
Eg leita og eg kravla
eg lo og eg fjasa
Det endte med at eg blei veldig trett


Nå skal du høre her
eg hadde for lite klær
eg glømte svømmeføtta
trudde ikkje eg hadde nøtta
Du kom så brått på
uten å sei ifrå
Du skremte meg fra vettet
så eg begynte å skvette
Det er farlig å gjer det for mange ganger
men eg skjønn korleis du har det nå

Du verker og du stikker
men du blir'kje førnøgd
det er alltid noko du vil få frem
Du lengter etter havet,
dine venner og kjente
Eg skjønner godt at du vil søke hjem


Njål Kasto, korleis har du det nå?
Det er vansklig å forstå
for meg som er her oppe,
kanskje eg må stoppe
og spørre deg om tips
og vips med et knips
så har vi samarbeidet
sjølv om vi er litt leide
Dette skal vi klare ilag Njål Kasto
for eg og du har blitt til vi:D

Slik kom Njål Kasto inn i livet mitt :P


Ein spennande dag lå alt til rette for at det skulle bli i Hellas. Karianne, Siri og eg skulle ut på øyhopping på sjølvaste 17.mai. Dagen byrja bra, men då eg skulle prøve å snorkle for andre gong( legg merke til prøve) skjedde det som ikkje burde skjedd. Siri skulle vise meg noko tøft under vatn, langt borte frå båten. Men det Lene ikkje tenkte på var at ho blei jo sliten av å symje så langt... Så ho tenkte at å kunne ho setje ned føttene på nokre stein under vatn... Før ho rakk å setje ned føttene sparka ho foten borti "steinen" i stedenfor. Dette var noke eg ikkje skulle gjort... For oppå den steinen satt det ein kråkebolle ved namn Njål Kasto og koste seg :P Han satt å smilte frå øyre til øyre, men det han ikkje visste var at 17.mai var dagen som skulle forandre livet han sitt for alltid. Han skulle då gå frå å leve under vatn til å bli som eit menneskje. For han tok nemlig bolig i foten min og fann ut av at han skulle bli der for resten av livet vårt. Det var ikkje berre eg som måtte vende meg til Njål Kasto, han var minst like ivrig til å lære nye ting... Dette er historia om korleis Njål Kasto kom til verda ein vakker og solfylt mai dag i 2008 :P

Sommaren har kome til Torvikbukt ;)

Vi kan skriv 20.juni og sola titter så vidt frem i Torvika, men kor sitt eg? Jo, inne i huset på pcen for å blogge. Sola er eit godt tegn på ein god tid fylt med glede og samhold. Men så er det ein anna ting, kva gjer ein når sola titter frem og sommaren kjem? Jo, då kaller jobben og masse å gjere.

Let oss nytte oss av god veret og samholdet vi har med kvarandre!

onsdag 18. juni 2008

Hei alle forletne menneskje på vår jord!

Kjenner du deg einsam og forleten på denne jord?Då er denne sida noke for deg!
Her vil du oppleve ro i kropp og sinn ;)

Velkomen skal du vere!!!