CLICK HERE FOR BLOGGER TEMPLATES AND MYSPACE LAYOUTS »

lørdag 28. februar 2009

Hurra for svidd tomatsuppe!

Eg kan for det første komme med ein anbefaling, ikkje sett på tomatsuppe for så å ringe mammaen din :P Det går fort galt! Du veit når dei ivrige mødrene begynner å prate går det i ett og vips så har du glemt at du koker tomatsuppe på nesten full styrke... Plutseleg tenker du ups... hjelp! Kva gjer eg nå? Då eg kom på at eg koka/svidde tomatsuppe (vel og merke etter 30min var gått) løp eg ut på kjøkkenet og såg.... Korleis trur du den så ut?

fredag 27. februar 2009

Oppvasken-din trufaste følgesven :D

Eg skjønner ikkje heilt kvifor oppvasken ikkje går sin veg... Den står på SAMME forbaska plass kvar dag! Om du er redd for at nokon skal gå fra deg her i livet, så vil oppvasken alltid stå trofast på benken! Eg har ALDRI møtt nokon som er like trofast! Den står der kver dag eg kjem heim og venter spent på meg... Blir eg teken i dag då tru? Neidå, ikkje i dag heller. Kor skal dette ende?

torsdag 26. februar 2009

Grattis med 18års dagen kjære Siv :D

Gratulerer så masse med dagen Siv! I dag er du endelig mydig og kan styre ditt eiga liv :D Eg husker veldig godt då du var 14år gammal... Spesielt den gangen vi skulle dikte sang til Bjørn sin 18års dag :P Husker du det? Utrolig morsomt å tenke tilbake på nå! Det virker som ein heil evigheit sida (det er jo forsåvidt det også kanskje).... Håper du har hatt ei super dag!

onsdag 25. februar 2009

Kva skal ein gjere med livet sitt om ein ikkje kan drive idrett?

Det er eit veldig godt spørsmål... I dag har eg fått totalt nekt å løfte tungt av fysioterapauten min! Eg kjenner at det er vanskelig å følgje. Ein har heile tida lyst å tøye grensa litt lenger og lenger, men merker at kroppen roper STOPP! Eg trur eg berre må innsjå det ein gong for alle... Sjølv om det er vanskelig å svelge!

tirsdag 24. februar 2009

Eit lite skritt i feil retning...

I dag har eg vore på jobb, nokon som har resultert i tunge løft og ein totalt utslitt Lene. Eg har funne ut av at kroppen min absolutt ikkje trenger å løfte tungt før den har komme seg heilt i orden. Det tek mere på enn eg trur. Eg kan i alle fall sei at ein lærer så lenge ein lever. Eg må gjerne smertelig erfare påkjenninga på kroppen før eg lærer! Yes!

mandag 23. februar 2009

Kva gjorde eg i dag?

Kva gjer eg nå som eg ikkje husker kva som skjedde i dag... Lurer på om det er gullfisk hukomminga som har slått inn for fullt ;) Eller vent litt... Var det i dag eg hadde besøk av Sunniva og bare prata drit tro??? Det er ikkje godt å sei. Nokon som har observert meg nokon sted i dag? Meld det gjerne til meg :P

søndag 22. februar 2009

Den kravstore dusjen...

Kva skal ein gjere om ein ikkje liker dusjer? Det er eit spørsmål eg har tenkt mykje på... Eg lurer litt på om kroppen vil rense seg sjølv om ein venter lenge nok med å dusje? Eg har nemlig hørt at om du ikkje dusjer på 10 dagar så går det ikkje ann å bli mer skitten og kroppen vil berre vere som den er. Kanskje eg skal prøve det? Eller kva syns dere? Har dere nokon gong tenkt på kor mykje tid ein brukar i dusjen i løpet av eit heilt liv? Sjuke greier! Eg vil gjerne få operert inn ein elektrisk dusj inni hodet mitt ;)

lørdag 21. februar 2009

O`store hall dagen!

I dag har eg bodd i Voldahallen, flytta likegodt ned eg. I dag har vi spelt 3 kampar der vi vann 2 av dei. Den siste kampen tapte vi greit, men vi hadde det beste humøret ever. Det var ein fantastisk morsom kamp tross tap. Alle smila og koste seg som berre det :D Tror vi hadde litt for mykje sukker i blodet eigentleg... Var nok det som gjorde oss ekstra gira!

fredag 20. februar 2009

Stakkar Njål...

I dag fekk Njål virkelig kjørt seg :( Han var ikkje særleg nøgd ein stund på KRIK treninga i dag. Eg klarte nemlig å strekke rista så kraftig at eg følte heile arret blei revet opp igjen :S Det var ein forferdelig kjensle som eg virkelig håper eg slipper å oppleve igjen. Heldigvis holdt kroppen det igjen og ingen skade skjedde (godt eg ikkje nylig hadde operert)! Tror Njål kjente seg litt uvell resten av den dagen ja...

torsdag 19. februar 2009

Svar på den siste gåta:)

Eg lurte veldig på om dere hadde peiling på ken som blei våtast av mannen som løp eller kvinnen som gjekk.... Dere hadde faktisk mer kunnskap enn eg trodde :D
Fire av dere hadde svart at mannen som løp blei 7% våtare enn kvinnen som gjekk, dere hadde då riktig :D Hurra!!! Hehe...

onsdag 18. februar 2009

Livet er relativt!

Haha... I dag er eg utrolig useriøs (må berre beklage)! Er det ikkje fantastisk å lese dette? Jo, det regner eg med. Du sitter nok og koser deg og spiser snop :P Eg ville eigentleg berre sei ein ting til, alt (ikkje panfobi) i livet er relativt!

Min endelige diagnose :P

I dag 18.fabruar 2009 har eg, Lene Johansen funnet ut at min diagnose er PANFOBI! For dere som lurte på korleis eg kom frem til det vil eg berre sei ein ting... Har dere lest avisa den siste veka? Eg lider då av panfobi som er frykt for ALT! Eg liker ingenting og er redd alt! Det er veldig vanskelig for meg, men prøver å klare meg så godt eg kan ut i frå mine forutsetnader. Det er ikkje enkelt...

tirsdag 17. februar 2009

Grattis med dagen mamma :D

I dag har mammaen min bursdag! Hun fyller år i dag (haha). Om eit år er ho halvveis til 100. Korleis dag er det i dag, korleis dag er det i dag, er det tirsdag? JA :D:D:D

mandag 16. februar 2009

Vil du finne ut korleis vekedag du blei født uten bruk av kalender?

Har du eit sterkt ønske om å finne ut korleis vekedag du blei født på uten hjelp av kalender? Her kjem metoden :D

Dato + verdi for måned + verdi for årstall = vekedag

Nå sitter du sikkert der og skjønner like lite som da du byrja å lese dette stykke, men hør her. Verdien for måned og årstall må du lære deg.

Her er tabellen for måned:
Januar: 1
Februar: 4
Mars: 4
April: 0
Mai: 2
Juni: 5
Juli: 0
August: 3
September: 6
Oktober: 1
November: 4
Desember: 6

Vidare så trenger dere å vite verdien på årstallet dere er født:

Årstall med verdien 0:
1985, 1991, 1996 +++

Årstall med verdien 1:
1980, 1986, 1997+++

Årstall med verdien 2:
1981, 1987, 1992+++

Årstall med verdien 3:
1982, 1993, 1999+++

Årstall med verdien 4:
1983, 1988, 1994+++

Årstall med verdien 5:
1989, 1995+++

Årstall med verdien 6:
1979, 1984, 1990+++

Eg kan gi eit eksempel. Eg er født 26.desember 1985, korleis vekedag var det?

Eg brukar formelen 26 (her må det trekkes frå 21 som kan deles på 3) 5 + 6 + 0 = 11-7 = 4 ( altså ein torsdag)

Får du for høge verdier skal det alltid trekkes frå 7 eller meir så du kjem på 7 eller under.

Nå kan du finne ut korleis dag du er født på?

søndag 15. februar 2009

Dagen då Lene blei provosert...

I dag har eg blitt provosert. Eg har vore på søndagsmøte og var nesten på veg ut igjen då talen byrja. Eg blei så provosert over alt som blei sagt at eg mest hadde lyst til å grave meg ned og bli der... Eg skjønner ikkje at det går ann... Om dere vil vite ka eg blei provosert av så hadde det med ekteskap og gjere (ring meg om vidare utdyping)...

lørdag 14. februar 2009

Forbreding til den store kvinneprøven (eit døgn i strek på jobb)!

Den store kvinneprøven ligger foran meg... Om litt over eit døgn er eg ferdig med min trippelvakt på jobb. Eg ser frem til desse vaktene med litt skrekk blandet fryd. Det skal bli litt morsomt samtidig som det blir litt skummelt å ikkje kan gjere kva eg vil før eit døgn seinare.

fredag 13. februar 2009

Dagen då ingenting gjekk galt...

Eg hørte ein fugl kvitra om at det er fredag den 13. i dag. Skal ikkje det eigentleg bety ulykke? Den ulykka har gått meg huset forbi i alle fall... I dag har det berre skjedd positive ting vil eg sei :) Har vore ein fin dag og ein fin oppvarming til trippelvakta mi i helga :S Tror virkelig eg trenger at nokon seier lykke til :D Yes, yes, yes!

torsdag 12. februar 2009

Mitt 200 innlegg!

Siden byrjinga av juni eller noko sånn så har eg skreve 200 innlegg. Eg undrer meg over kva eg eigentleg har skreve... Heilt sikkert minimalt viktig og fornuftig, men gøy har eg hatt det. Det er alltid like artig å dele tanker og slike ting uten at ein eigentleg veit ken som leser det og ikkje minst om nokon i det heile tatt leser det! Haha... Nå er det mat :)

onsdag 11. februar 2009

Andre skritt i riktig retning :D

Eg blir berre mer og mer fornøgd :D I dag har eg for andre gong på ei veke spelt over ein time volleyball. Det har eg ikkje makta på over eit år. Det som er mest fantastisk er at eg sleit ikkje samme kveld og nesten ikkje problemer neste dag. Eg tek stadig skritt i riktig retning for å bli heilt frisk :) Så nå ser det veldig lyst ut angåande Høgtun leikane, noko som eg satser hardt mot nå :) Håper berre eg kan holde den fine trenden vidare dei neste vekane!

tirsdag 10. februar 2009

O`store Frelsesarmeen dag :)

I dag har eg vore på jobb... Likevel endte vi nede på Frelsesarmeen. Då vi kom inn døra var det mange eldre damer som møtte oss. Dei smilte og ville oss alt vel, men eg kunne ikkje anna enn å le av heile situasjonen. Eg har aldri vore på eit Frelsesarmeen møte før og ikkje minst så er det min første gong eg er på eldremøte. Hehe... Det blei nokon lattermilde timar, der eg måtte jobbe med å skjerpe meg for ikkje å byrje og gråte. Veit ikkje om dere syns detta hørtes morsomt ut, men eg anbefaler dere å ta ein tur :)

mandag 9. februar 2009

Svar på den siste gåta:)

Ka skjedde då eg gjekk gjennom skogen i dag?

* Jo, nå skal dere høyre her... Tipper dere er spente som nokon små barn ;) Det er som skjedde var at eg gjekk skikkelig på trynet :S Det så nok ikkje så smart ut vil eg tro...
Til min store forundring var det berre ein av dere som svarte riktig denne gong :P

søndag 8. februar 2009

Eg har aldri vore så stolt!

I går kveld hadde vi kviss på Kafè Ichtys. Eg, som vanlig hadde ikkje så store forventninger til meg sjølv. Eg kan ikkje sei at eg kunne så veldig mange svar før vi kom til musikk delen (noko som er VELDIG uvanlig). Då dei byrja å spele den første songen hørte eg korleis song det var med ein gong (først i gruppa faktisk)! Stolt som eg var satt eg der å berre smila :D

lørdag 7. februar 2009

*Stolt*

Den store bilvaske dagen er nå over. I dag har eg vaska bilen i ein sånn automatisk vaskehall (som mange av dere veit har ikkje dette gått så veldig bra før...). Eg tenker spesielt på den gangen eg satt bilen fast i døra på ein vaskehall. For og sei det slik så har det aldri gått bra i ein vakehall før, så var litt spent då eg kjørte bilen inn denne gangen. Eg kan fortelle at i dag gjekk det heilt normalt for seg. Eg er veldig stolt og fornøgd over min eiga innsats! Glede meg til neste gang!

fredag 6. februar 2009

Svar på den siste gåta:)

Kva skjedde då eg stod i garderoben på tren?

* Eg stod dessverre berre i undertøyet då vaktmesteren kom inn. Litt usikker på om eg stod med rompa i været :P Hehe... Nokon av dere var flinke og svarte riktig, men mange av dere vart lurt ;)

torsdag 5. februar 2009

Ver stolt av den du er!

I dag merker eg meg litt inspirert over livet :D Du er god som du er! Eg tror det er viktig å vere den som du ønsker og vil vere (ikkje den alle andre ønsker du skal vere). Det er veldig lett å tenke at alle andre er bedre enn meg og eg betyr ikkje så mykje for andre (det kan i alle fall eg tenke inni blandt), som eg ønsker å bety. Eg tror at det er viktig og elske seg sjøv før ein kan elske andre. Stå på! Du som leser dette er eit fantastisk menneske med mange kvaliteter (bruk dei for det dei er verdt). Kanskje dei ikkje blir brukt så masse (men berre tenk på det, bruk det du har fått) som dei burde. Akkurat du betyr noko for nokon! Ver stolt av deg sjølv for den du er :D

onsdag 4. februar 2009

Eit skritt i riktig retning :D *stolt*

I dag er eg VELDIG stolt og ikkje minst VELDIG glad :D:D:D For dere som lurer på det så har eg tøya nokon grenser i dag (burde vel i utgongspunktet ikkje gjort det, men angrer ikkje i ettertid). I dag har eg spelt volleyball i ein og ein halv time! Dette er eit stort under ettersom eg har vore ryggskada i over eit år. Ikkje før i dag har eg kunne tatt eit fingerslag i volleyball uten smerte. Det er heilt fantastisk :D Nå må eg holde meg sjølv litt i nakken og ikkje gå for fort frem. Eg må løpe sakte men sikkert (men ikkje for fort heller... sånn ein mellomting)... Så ting skjer fortsatt i Lene sitt liv :D Livet er herlig dere!

tirsdag 3. februar 2009

Stryn... Here we come :P

I dag har eg og Karianne vore i Stryn på kafè. ja, vi dro heilt til Stryn berre for å gå på kafè :D Det var utrolig godt og morsomt å komme seg vekk frå Volda ein tur! I tillegg til å vere på kafè råna vi rundt i sentrum av Stryn og berre tulla med Hellbillies og Vassendgutane på ful "guffe"! Vi var på skikkelig jentetur ;) Turen endte i Honndalen for å besøke Sirimor. Vi var så heldige og fekk besøke ho i barnehagen ho jobber :P

Takk for ei koselig dag Karianne ;)

mandag 2. februar 2009

Hjelp!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!

I dag då eg gjekk heim frå trening traff eg plutseleg på ein hund. Først trodde eg at den gjekk i lag med ein mann, men skjønte fort at den gjekk heilt aleine! Eg tenkte "hjelp, skal den store skumle hunden følge etter meg?" . Eg så for meg alle tenkelige episoder som kunne skje... Hunden løp etter meg og fulgte tydeleg etter meg heilt febrilsk. Etter at han hadde fulgt etter meg lenge så eg han ikkje lenger. Eg tenkte at endeleg har han gått sin veg, men neidå... Han kom løpande etter meg igjen og igjen. Eg bytta side på vegen ein del gonger for å slippe å gå på sida hunden, men ein av desse gongane kunne det gått virkeleg galt med hunden. Han løp ut i vegen rett foran ein bil. Det heile endte med at eg gjekk litt etter han vegen opp til huset vårt slik at han gjekk forbi vegen og eg kunne snike meg ned. Då eg runda hjørnet løp eg bort til døra, for å låse fort opp og løpe minst like fort inn!

søndag 1. februar 2009

Knirk, knirk, knirk..

Eg seier berre knirk, knirk, knirk... For dei fleste av dere vil ikkje dette gi nokon meining, men for dei involverte vil dette vere ganske morsomt :D Eg berre minner om at det ikkje er nødvendig å tenke koffert...

Kva har skjedd i helga? (altså kvifor skriver eg knirk knirk knirk)