CLICK HERE FOR BLOGGER TEMPLATES AND MYSPACE LAYOUTS »

søndag 30. november 2008

Gløgg eller ikkje gløgg?

I dag var dagen då eg skulle få prøve meg på å lage gløgg og ikkje minst smake gløgg for fyrste gong!!! Det var ikkje så veldig enkelt dette her for eg har aldri laga gløgg før heller, men då var det bra at bruksanvisninga stod på flaska :D Haha... Det var faktisk ganske godt :D Eg vart redda av flaska!

lørdag 29. november 2008

Lenge leve effektiviteten :D

Dagen i dag har vore veldig effektiv. Har fått gjort utruleg mykje på veldig kort tid. Jobb, volleyball og julebord. Alt dette mellom 0900 og 02.00! Høres kanskje ikkje så effektivt ut, men det var det. Jula har såvidt byrja å melde sin ankomst :P Hipp hurra :D

fredag 28. november 2008

Eksamensdag :P

Det er fredag og eksamen skal utleverast. Kanskje eg for ein gong skuld skal jobbe bra dei fyrste dagane av eksamen. Oppgåva var heilt grei, blei eigentleg som eg drømte. Eg drømte nemlig om eit langt kasus, å kva fekk vi jo eit langt kasus! Utruleg morsomt :D Haha... Så dei neste 10 dagane så er det jobbing med å få eksamen så bra som mogleg.

torsdag 27. november 2008

Poser???

Smart eller berre dumt? Poser er ein oppfinning som er ganske rar og ikkje minst så har poser ei tendens til å hope seg opp i store mengder. Kor skal ein gjere av dei? I tillegg til at dei hoper seg opp tener butikkane på at vi "vil ha" poser!!! Kan vi ikkje finne på noke anna?

onsdag 26. november 2008

Mannfolk bak ratte, lurt???

Okei, det er mykje snø og slaps i Volda, men det burde gå ann å kjøre normalt uansett??? I dag viste det seg at dette ikkje var så lett. På veg opp frå sentrum gjekk eg forbi nokre studenthus. På utsida eit av desse studenthusa var det ein MANN som prøvde å rygge ut frå parkeringsplassen, noko som viste seg å ikkje vere så enkelt. Han surra litt frem og tilbake men fekk tilslutt rygga bakover, men det viste seg at det gjekk litt fort. Han mista faktisk FREMPARTEN på bilen under rygginga. Heile skjermen forsvant! Trodde eg skulle le meg i hel!!!

tirsdag 25. november 2008

Den forblåste øy?

Det snør fortsatt utruleg mykje i Volda. Kor skal dette ende? Brøytehaugene blir berre høgare og høgare... Bilar kjører seg fast, men ellers er alt berre velstand. I dag har eg og Solbjørg holdt på å blåse avgårde. Vi var nemlig på gåtur på Valderøya seint i kveld. Det var ikkje berre enkelt, eller det vil sei at det var ganske enkelt å gå med vinden, men så fort vi snudde å vinden bestemte seg for å ikkje snu så fekk vi eit problem. Den lette ganga blei berre vanskeligare og vanskeligare. Likevel kom vi oss til slutt heim. Eg lurte ein stund på om Valderøya var ei veldig forblåst øy, men eg trur eigentleg ikkje dette er tilfelle. Ellers kan eg fortelle at vi har fordøyd ganske mange dyreparken is i kveld :D

mandag 24. november 2008

Svar på den siste gåta:)

Ja, folkens... Den siste gåta var dere utruleg flinke på. Berre noken få som svarte feil. Vettu kva? Eg syns at ELDRE er nokre av dei frekkaste menneskene... Dette mykje grunna gjentatte gonger der eldre har sneket i køen på butikken osv... Og ei klager på oss???

Kva vi skal gjer for å tilfredsstille dei?

søndag 23. november 2008

Sunnmøringer er ikkje så verst likevel :)

Ja, folkens... Vi veit alle at sunnmøringer er eit eiga folkeslag! I dag då Lene skulle ta ferga frå Hundeidvik-Festøya satt ho nede i salongen og skulle betale, men fergemannen ville ikkje ta imot pengar frå meg. Eg tenkte:"Hmmm, kvifor vil ikkje han ha pengar, har han ikkje sett meg?" Følte meg ganske tilsidesatt ei tid der. Då eg gjekk av ferga var eg ganske så tilfreds med at eg slapp å betale.

Innbilte eg virkelig det som skjedde i natt?

Dagen starta brått og brutalt då Lene sjokk våkna av at ho hørte skritt på utsida hytte (vi er fotsatt på hyttetur). Lene blei så redd at ho lå og skalv... Brrr... Då vi våkna fortalte eg Gry om denne hendinga. Ho meine at det ikkje kunne vere tilfelle, for då hadde ho Yra våkna (altså vakt hunden vi hadde med oss), noke som ho ikkje gjorde. Gry fann då ut at dette måtte vere noke eg innbilte meg... (noke som eg ikkje er heilt enig i)! Eg, Lene Johansen hørte skritt på utsida hytta klokka fem om morgenen, men problemet er at ingen trur meg. Kan De hjelpe?

lørdag 22. november 2008

Hyttetur med skogsfantomet Gry skogmus :P

Dagen begynte raskt og brutalt klokka åtte om morran. Turen ned til sentrum var ein prøving i seg sjølv. Eg falt ikkje mindre enn tre gonger og ein hindring var i vegen for meg. Eg kom meg endelig på bussen etter ein halvtime. Svett og fæl. Lene er på veg til Moa for så å sette seg på bussen mot Brunstad. Då eg kom frem tok eg fatt på gåturen til hytta med godt mot. Det viste seg at det var godt eg hadde godt mot, for det var tungt. Vasse i snø til låra i 3timer, det tek på! Vi fekk sjå mykje fint opp igjennom då :) Etter endt tur oppi hytta var mørket på veg. Vi satt oss godt under nokre tepper og fyra opp i peisen. Der satt vi til vi måtte på do i seks tida. Det var då vi måtte bruke fantasien sida vi ikkje ville gå på utedoen som lå eit stykke i frå (eigentlig ikkje så langt men...)! Vi gjekk ned i skogen å la ein planke mellom to høgder av snø. Mellom rant det ei elv. Der satt vi å kosa oss i mørke og tenk ingen lukt, FANTASTISK!!! Hehe... Eg kan sei ein ting at når ein er inni skogen på denne tida av året er det lett å tro at det er natt heile døgnet omtrent. Det er så mørkt.Så vi begynte å bli trøtte klokka seks vi, men klarte å holde ut til klokka elleve, då slukna vi totalt.

fredag 21. november 2008

Dagens strabasiøse ferd til Langevåging :P

I dag skulle vi som sagt i bursdag i Langevåging. Det vi ikkje hadde regna med at det skulle bli snøstorm og veldig dårlige kjøreforhold, noko det altså blei. Turen til Langevåging gjekk eigentleg greit etter forholda, men turen heimover var det verre med. Vegene var veldig dårlig brøyta, var vi heldig at det var brøyta var det sjølvsagt berre brøyta på ei side av vegen. Vi kom oss tilslutt til Hovdebygda for å sette av ein som satt på med oss. Det viste seg at bilen hans var snødd ned og brøyta inne i løpet av kvelden. Det var umulig å få bilen ut, så vi måtte kjøre han heim. Klokka er 02.30 og vi kjører inn i Berkneset. Vegen var elendig brøyta, sjølvsagt berre i ein retning. Vi får levert han 03.00 og vi kjører vidare til Hovdebygda igjen. Det viser seg å ikkje berre vere enkelt. På vegen treffer vi ein brøytebil (heldigvis for oss, for vi var brøyta inne)! Til slutt kommer vi oss til Volda 03.30, men vi hadde ein utfordring igjen. Kjem vi oss opp bakken til huset? Nei, vi måtte parkere på gangfeltet den natta. Vi var eigentleg snødd inne ein stund.

torsdag 20. november 2008

Grønne eller raude tomater?

I dag hørte eg ein heilt fantastisk historie. Den var som følger. Eit sted på vestlandet er det vanlig for ungdommer å få sommarjobb i drivhus kor ein hjelper til med å ta inn modne tomater. Ein sommar valde ein gut og jobbe i dette drivhuset, men det skulle ikkje bli så enkelt som først antatt. Han tok dag etter dag inn grønne tomater og ingen kunne skjønne kvifor han gjorde dette. Til slutt viste det seg at grunnen til at han tok grønne tomater var at han sjølv var heilt sikker på at dei var raude. Han var nemlig fargeblind, så han måtte eigentleg føle seg fram kor tid dei var modne med å kjenne på størrelse og form. Dette gjekk ikkje så bra, så han fekk til slutt "fyken"!
Kanskje ikkje drivhus jobb er noke for fargeblinde mennesker???

onsdag 19. november 2008

Ugunstig tidspunkt for snømåking...

Klokka er rundt 23:45 og Lene kjem køyrande opp bakken heime. Å kva ser ho? Ho ser eit vesen som står der Lene skal parkere. Ken er det som er ute så seint på kvelden tenker Lene??? Jo, det fann ho fort ut... Det var nemlig ikkje noken andre enn husverten!!! Haha... Ho stod ute å måka snø rett rundt midnatt. Trodde eg skulle le meg i hel! Vil ikkje påstå at det er heilt normalt. Det som nesten er enda artigere er at ho er over 60år!

tirsdag 18. november 2008

Mørket er overvunnet!

I kveld har eg overvunnet mørket! Eg har vore ute og gått i mørke nesten inni skogen (ikkje frivillig) vel og merke. Eg har vore på jobb skjønner du, så eg måtte nesten oppføre meg litt vaksent. Vi satt oss på eit tun i mørket med ingen lys rundt oss, det einaste eg så var nokre gamle ting med "stikker" på... Sånne ting du kan spide folk med! Ja, det var skummelt! Vidare gjekk vi opp ein mørk veg som førte oss forbi ein kirkegard. Eg hadde aldri gått der i lyset ein gong, men nå hadde eg ikkje noke valg. Det var "scary" å gå forbi kirkegarden der lysa brant og det var veldig mørkt og stille. Lene har nå gong på gong meistra å gå ute i mørke både aleine og i lag med noken. Eg er stolt!

mandag 17. november 2008

Bil-min verste fiende?

Som eg har skreve ein del om før så er ikkje bil min bestevenn. For det første får den fort frem og for det andre er det vanskelig å ha kontroll på bilen! Bilen lever sitt eiga lille liv. Grunnen for at eg skriver om dette er at i dag kjørte eg litt for fort over ein fartsdump. over 50km i timen funker ikkje det vettu... Då seier det til slutt "bom"! Hmmm... Kva skjedde der? Du må gjerne filosofere sjølv om resten av historien... 

søndag 16. november 2008

Dagens utfordring!

Eg seier berre ein ting. Det er utfordrande å vere til i denne verda!!! Eg trudde virkelig ikkje at det gjekk ann å bli blanda inn i så mykje forskjellig. Kan sei ein ting, fekk nesten ein stol etter meg i dag... Ein må ha kontroll på seg sjølv. Til og med Lene viste i denne situasjonen at ho har litt kontroll på seg sjølv.

lørdag 15. november 2008

Svar på den siste gåta:)

Eg må berre meddele at eg gjekk med smekken open i over 4timer! Det er ganske vilt eigentleg... Til mitt forsvar så gjekk eg den meste av denne tida med jakke som dekka smekken!

Så det vil sei at ingen svarte riktig, noke som var litt artig!

Gamle menn og bil-passer dei i lag?

Eg lurer litt på kva Ørsta folk og spesielt ein gammel mann er laga av. I dag då eg var i Ørsta med bilen til ein brukar (eg stod parkert) kjørte like godt ein gammel mann rett inn i bilen. Eller det vil sei rett inn i heisen på bilen! Det var så utrolig håplaust.Trur du ikkje at han berre kjørte vidare etterpå? Joda, han berre kjørte og skrapa opp heile sida på bilen sin. 2min seinare kjem han gåande forbi bilen, men her var det ikkje noken plan om å stoppe for å unnskylde seg nei... Han berre vingla vidare som ingenting var hendt eller han så litt forvirra ut ja! Eg lurte nesten litt på om han var berusa?

Volda, galskapens plass!

Eg skjønner meg fortsatt ikkje på folk i Volda! Dei kan ikkje parkere!!! Eg kan ikkje forstå at det skal vere så vanskelig å parkere på innsida to kvite streker. Trur eg må ha kurs med dei snart... Det er heilt utrolig altså.

Noken som har nokre forslag til korleis dette kan bli bedre???

fredag 14. november 2008

Til ære for Gry-skogsfantomet :D

Eg gleder meg å dra på tur i lag med deg :D Håper tida går fort til vi skal kose oss med mat og digg på hytta og i Guds frie natur! For eit perfekt liv det blir :D

Hipp hipp hurra :D

Eg vil berre gratulere meg sjølv med mitt 100 innlegg på bloggen :D Dette blir det 101 innlegget sida mai 2008!!!

torsdag 13. november 2008

Første utfordring:P

Ja, Monica! Eg tek utfordringa :D Her kjem det 7 hendingar frå Lene sitt liv sida 26.desember 1985:P

1. Då eg gjekk på Høgtun FHS skulle vi på møte i Molde. Etter møtet fekk eg servert solo (som etter dette har vore min rus), den gjekk rett i fletta på meg. Vi gjekk ut på utsida for å vente på å bli henta, men det eg ikkje visste var at ein del gutar var på tulle humør. Så dei knytta i lag skoa mine og fann ut av at dei skulle henge meg opp ned i ein "stolpe som har trafikklys". Der hang Lene opp ned rett foran eit gangfelt midt i rånerunda til dei tøffaste gutta i Molde by! Kvar gong dei kjørte forbi meg tuta dei. Blei hengande ein liten stund då det var veldig vanskelig å komme seg ned ved eiga hjelp (og klart at ingen gadd å hjelpe meg, for detta var då artig å sjå på). Til slutt knytta dei opp skoa og eg fortsatte min "litt uvanlige" oppførsel.

2. Vi er fortsatt på samme kveld som over. Vi er på veg til å bli henta, men vi finn ut av at det var jo artig i Molde så vi trenger ikkje å bli henta først. Vi setter oss på i den siste bilen som kjører innover mot skulen. Ei skjønn lærer henter oss. Det som viser seg å ikkje vere så smart er at eg har fått litt mer innabords enn lurt (vel og merke berre solo)! Eg fekk streng beskjed av dei andre at eg måtte holde kjeft heile vegen heim fordi eg berre surra og bølla. Dei var livredd for at skulen skulle ta alkotest på meg. Det var så utrolig gale. Då vi steg inn i bilen hadde eg ikkje sjans til å holde kjeft, så kjeften gjekk i ett heilt til vi kom heim (tre kvarter seinare)!!! Det blei aldri tatt noke alkotest på meg, men burde absolutt!!!

3. Hehe... Nå kjem det ein meddelse som eg ikkje hadde tenkt å sei til noken. Skriver den likegodt på bloggen eg ;) Det beste eg visste då eg var lita var å bade i badekaret i lag med mamma. Det synes å vere heilt normalt då ein er små, men når dette pågår til langt oppi tenåra så går det kanskje litt for langt ??? Eg bada med mamma i bade karet heilt til eg var 14år gammel!!! Eg hadde fryktelig lyst å bade mer i lag med mamma men då gjekk det opp for ho at eg var blitt for stor til det (til stor arging frå min side)!

4. Eg seier berre BIL!!! Lene sin gode (kanskje ikkje alltid) følgesvenn i tjukt og tynt. Det har skjedd mykje mellom Lene og ein bil siden 12.januar 2004, då Lene fekk lappen sendt i posten :D Siden den gong så har eg rygga inn i eit hus (med min første kjæreste sin bil, haha :P), kræsja front mot front (med mamma sin gamle bil, godt det), kjørt på raudt lys mange gonger (visste ikkje at det var lyskryss der eg), kjørt feil veg over gangfelt (kjørte altså den vegen ein skal gå... for i det heile tatt å komme ut feil på eit gangfelt måtte eg då ha kjørt feil før, noke som eg gjorde, sovna bak ratte (dette veit ikkje mamma, håper du ikkje leser dette), kræsja nesten i eit vikepliktskilt, kjørt over eit visst antall kanter på ulike ting +++ Eg kunne fortsatt til i morra tidlig trur eg. Min bil karriere er lang. Eg kan for eksempel legge ganske mykje ut om korleis Lene gjer då ho vasker bilen i vaskehall (spesielt siste gong før Lene skulle selge bilen sin)!!! Må heller ikkje glemme då det elektriske vindauge blei ødelagt i vask, så heile maskinen kom inn i bilen...


5. Då vi var små var det vanlig at alle barna i nabolaget leika i lag. Det som var det artigste var "spark på boks"! Både gutar og jenter var med på leiken. Midt under leiken finn Lene ut av at ho må så fryktelig på do for å tisse. Det Lene syns var veldig greit då var at ho satt fint bak ei leikestue. Lene tenkte så smart eg er som har gjemt meg her, eg kan jo berre sette meg ned å tisse her! For ein glimrande idè:D Det eg ikkje tenker på er at folk leiter jo etter meg så det er ein viss fare for at det kjem folk bak leikestua (akkurat på det tidspunktet var det ein gut som skulle finne oss)! I det eg sitt der bak leikestua å er nesten ferdig med å tisse kjem naboguten bak for å leite. Der ser han meg med buksa nede (han hadde bokstavelig talt fri innsikt)! Følte meg ganske flau etterpå ja...

6. Ein stund då eg var lita var det veldig mange elg og rådyr som vandra rundt i området der eg bodde. Ein dag då eg var på veg heim frå skulen traff eg på ein lite velkomen "kamerat". Eg sykla den dagen og venta ikkje å møte noken på vegen heim. Plutselig står det ein stor skapning foran meg. Kva trur du det var? Heilt riktig det var ein STOR elg!!! Lene står plutselig og har augekontakt med den STORE elgen. Elgen stod og sperra for heile vegen, eg hadde ikkje sjans til å komme meg forbi! Lene tenker og kjem frem til at ho skal skrike til elgen, men korleis trur du elgen reagerer då? Elger har kjensler dei også skjønner du! Så der står Lene og skriker elgen midt oppi trynet ein meter frå den. Kva blei resultatet? Det tok lang tid men elgen gjekk sin veg og Lene kunne sykle stille og rolig heim igjen.

7. Då eg var lita var eg veldig stille og beskjeden (skulle kanskje ikkje tru det). Eg ville ikkje gjere noken flue fortred, ville berre alle godt. I 5.klasse på barneskulen skulle vi ha ein vikar nokre dager. Ein av dagene skulle ho gjere litt stas på oss med å lage vafler og saft. Dette stod foran i klasserommet og vi skulle få forsyne oss etter gong. Eg var den som fekk begynne å forsyne meg, men det var ikkje så enkelt. Eg meiner sjølv at eg gjekk vanlig bort og tok vafler og saft, men andre i klassen reagerte veldig på måten og ikkje minst farten eg gjorde det i. Det heile endte med at eg fekk skylda for at alt gjekk i vasken og vi måtte skrive brev til klasseforstanderen vår om kva som gjekk galt. Eg kan enda ikkje forstå korleis EG kunne få skylda for dette, for det ikkje i den villeste fantasi at eg gjorde noke galt. Eg var jo livredd vaksne som var irriterte og sure. Det vil alltid vere ei gåte i mitt liv!

Ja, dette var ein liten innføring i kva mitt liv har bestått i. Eg kan love dere at dette kunne blitt mange sider, men skulle visst berre ha 7 punkt (difor desse blei litt store)!!! Håper dere har lært noke nytt om meg ;)

onsdag 12. november 2008

Lene har ENDELIG lært livets lekse!

Gong på gong går eg på smellen! Korleis smell er det eg går på??? Jo, nå skal du få høre. Eg lærer aldri at eg ikkje berre kan hoppe innpå i ein treningskamp også at det går bra. Nå har eg lært at eg ikkje skal spele volleyball under nokre omstendigheter før eg er heilt frisk. Og det skjønner eg at ikkje blir før langt på nyåret. Kanskje eg kan sette ein liten frist for meg sjølv i mars??? Hadde eigentleg satt etter jul, men den fristen brytes definitivt!!! Eg har lært at eg kan ikkje oppføre meg slik mot mi eiga kropp. EG skal tross alt leve med den resten av livet også. Har aldri hørt noke om at eg kan få bytta den ut???

tirsdag 11. november 2008

ET på veg til verdensrommet, blir du med?


Ja, nå drar snart ET til verdensrommet. Eg lurer på om akkurat du vil vere med? Det vil bli ein minnerik tur med mange opplevinga. Vi får nok sjå Mars, Jupiter og Pluto. Dei er utrolig fine frå utsida! Det er virkelig verdt turen! Eg har enda plass til flere i romskipet mitt...

Ønsker du å vere med???


Ring meg eller send ein melding ;)

mandag 10. november 2008

Kakemann-november?

Etter mange klager gjentatte gonger skriver eg nå ein tekst om kakemann før desember. Eg vil berre meddele at eg aldri har tenkt over kor tid eg spiser ulike ting (det gjelder også juleting)! Kan ein ikkje berre spise det ein har lyst på? Det gjer nemlig eg... Difor spiste eg kakemann i november! Haha... Å Gry, du klarte det ikkje du heller... Heile planen din sprakk med å ikkje spise noke juleting før i desember, så kvifor skal ein strebe etter å ikkje gjere det (når det glipper uansett)? Hehe... Gry, eg er glad i deg likevel :D

Kakemannen er ein fin oppleving!

søndag 9. november 2008

Svar på den siste gåta:)

Kva brant eg meg på her om dagen?
* Eg brann meg på vatnet til pasten min :S Smarte Lene(som alltid)!!!

Hurra for verda:D

lørdag 8. november 2008

Mørket, den snikende fare!

Mørket ja... Kva skal ein sei... Eg likar ikkje å køyre bil i mørket, då ein ikkje ser alle farer som kjem opp frå sidene. Det fine i mørket er at ein ser bil lysene på lang avstand, då er det lettare å legge seg riktig i vegen! Hehe...

fredag 7. november 2008

Skummel mann, ja!!!

Lurere litt på om eg har ein tiltrekningskraft på skumle menn. Alltid når eg er ute og reiser møter eg på skumle menn. Denne gangen satt det seg ein ekkel mann rett bak meg på bussen. Tennene hang omtrent ut av kjeften på han! Eg har funne ut av at tennene har veldig mykje å sei i forhold til det at eg syns dei er skumle. Han her er veldig vanskelig å forklare, han må berre oppleves!

Karianne har dikta eit dikt som var dedikert til meg, men sjølvsagt klarte eg å slette den meldinga... Det var om Lene og hennar tiltrekning av skumle menn!

Optikere - ein rar oppfinning!

Eg syns det er altfor lett å kunne juge på seg bedre syn enn det ein eigentleg har. Det er rart at noken mennesker sitter å skal sjekke korleis du ser, men du hjelper sjølv. Det heile er litt sprøtt der ein sitter og sier masse bokstaver til ein dame, og ho skal fortelle om det er riktig eller ei. Noke som faktisk var litt vanskelig. For det første var nokre av spørsmåla vanskelege å svare på eller så var alternativene dårlige. Følte nokre gonger at eg var midt i mellom... Men men eg overlevde! Hehe... Følte meg som ein "molbo" ein stund, med store runde briller og masse rart bak ørene. Haha...

torsdag 6. november 2008

Tegn på at ein begynner å bli gammel...

Det er mange fysiologiske tegn som speler inn når ein skal sjå om ein begynner å bli gammel... Kanskje det første ein ser på er at synet begynner å bli dårligere og reaksjonen dårligere. I dag kan eg konstantere at eg har komme eit lite stykke på veg med dårlig syn. Kva blir det neste???

onsdag 5. november 2008

Matbutikker- ein surrealistisk kjensle!

Den rare oppfinninga matbutikker ja... Kva skal ein sei... I går då eg var i butikken fekk eg ein merkelig kjensle, kvifor står alle på rekke bak kvarandre når ein lissom skal betale til ei dame som sitter bak kassa? Alt er så merkelig, vi tek det som ein sjølvfølge. Kva er meininga med alt dette? Kan vi ikkje heller gå ut i skogen å finne oss mat i stede for å stå i kø i kassa for å betale? I skogen er det heile gratis også!

Lene hår modell?!?

Lene hår modell??? Det høres litt vilt ut, men det er faktisk heilt sant! I grunn er det heilt galskap. For det første så liker ikkje Lene å pynte seg noke særlig, for det andre skal det heile tas bilde av Lene og for det tredje så liker ikkje Lene nymotens frisyrer. Så då er spørsmålet, kvifor i all verda gjer Lene det då?
Jo, Lene tenkte som så at kvifor ikkje prøve når ein får det gratis! Håret gror jo ut igjen! Det finns eit godt poeng til, frisøren skal ta fagbrevet, så ho må nesten gjere det litt bra. Så Lene satser på at alt går bra og at bildene ikkje blir altfor stygge. Må innrømme at det blir litt skummelt :-S

tirsdag 4. november 2008

Den store kurs dagen!

I dag har vi vore på kurs med jobben på sjølvaste Kjeldsund :D Plassen i mitt hjarte! Eg fekk igjen huska på den tøffe huska mellom dei store træra og ikkje minst blei vi tatt bilde av ein Storebrand dame :D Haha...

Eg kan informere om at vi kjørte inn i Eiksundsambandet 08.32 og då vi skulle heim igjen kjørte vi inn i Eiksundsambandet 15.46 og ut igjen 15.58. Eg følte det var viktig for dere å vite ;)

I dag har eg spist kakemann :D

mandag 3. november 2008

Gartneri eller "vanleg" hus?

Eg lurer litt på om det er vanleg med 10 blomster i kvart vindu både på stua og kjøkkenet? Eg gjekk nemlig forbi eit hus i dag som eg er sikker på det minst var 30 blomster fordelt på tre vinduer i stua og 20 blomster fordelt på to vinduer på kjøkkenet. Er dette normalt??? Hmmm... Det såg virkelig ut som eit gartneri!!! Ein kunne nesten ikkje sjå inn for alt var tildekt av blomster!

Svar på den siste gåta:)

Kor fort går ein sykkel i følge ein berusa mann?
* Jo, 190km i timen...

haha :D:D:D

søndag 2. november 2008

Verdas skumleste mann...

I dag har eg truffet verdas skummelste mann! Om eg hadde sett han då eg var ute heilt aleine hadde eg løpt som berre det. Eg var ekstremt glad for at eg satt i ein bil på det tidspunktet. I tillegg så var det rett ved ei kirkegard. Eg skal prøve å fortelle korleis han såg ut.

Gammel, lite hår på hodet, litt skjegg, raudsprengte auge!, litt sånn drepe deg blikk og i tillegg så det ut som han holdt på å miste tenna sine. Nå må eg ikkje glemme den lilla paraplyen i lomma (som likegodt kunne vore ein kniv)! Det med tenna fann eg til slutt ut at var snus.

Han var påtrengande på bilen, hang omtrent inn bilvindauge. Godt eg hadde ein sterk person med meg!

lørdag 1. november 2008

Kjære godtfolk! Eg treng hjelp...............


Kan dere vere så snille å identifisere desse gjenstandene for meg???

*Måla er : Bredde 10cm og lengde 10cm.
*Det er nokre uidentifiserbare lommer der det skifter farge.
*Rutene er like store.

Eg treng hjelp!!! Kontakt meg gjerne på mobilen om det er vanskelig å skrive her.

Ny måned, nye muligheta;)

Måneden begynner knakende godt med ein basar! Kanskje det blir gevinst? Vent spent til neste blogg i kveld :D