CLICK HERE FOR BLOGGER TEMPLATES AND MYSPACE LAYOUTS »

fredag 31. oktober 2008

Lene sin nye oppdaging!

I dag har eg sett noke som eg aldri har sett før. Då eg skulle støvsuge bilen på innsida i dag fann eg plutselig tre knotter som eg aldri har observert før. Dei var lissom festa til sete, verka som det var ganske vondt å sitte mot dei. Eg har gått rundt å fundert på kva dei brukast til i dag... Eg kan fortsatt ikkje skjønne det heilt. Muligens kan dei brukas til å feste"beltetingen"! Det blir berre rein gjetting dette her.

Kan noken hjelpe med til å finne ut av funksjonen til desse knottane???

Kva skjer når Lene er inni ein butikk?

Det kan skje så mangt... I dag derimot tenkte eg at eg skulle gjere noko artig (eller det var eigentleg ikkje meininga)! Haha :P Då eg skulle gå forbi kassa for å gå ut av butikken rev eg likegodt ned ein heil boks m drops... Kjempe smart då vettu ;)

torsdag 30. oktober 2008

Svar på den siste gåta:)

Sokkane mine blei døpt Trine Kitty, men det kunne veldig gjerne vore Lene Kitty som dei fleste av dere svarte :P

Telefon=fjernkontroll?

Haha... Då eg satt og venta på sjukehuset i dag satt det noken andre der også, deriblant ei gammel dame. På bordet lå det ein fjernkontroll! Dama bøyer seg frem og tek tak i fjernkontrollen og seier: " Har dei begynt å ha telefon på venterommet nå så vi kan nå personalet om vi treng hjelp? 

Lurer litt på i korleis århundre ho levde i?

onsdag 29. oktober 2008

Tankene svirrer...

Lene har begynt å tenke på om ho skal lese til eksamen snart... Legg spesilt merke til at ho har begynt å tenke, men ikkje gjort noke med det. Eller det vil sei, Lene leste 1 side her om dagen!!! Det tek heilt av, kor skal det ende??? Kanskje det er smart å kjøpe kompendia snart? Ken veit :P 

tirsdag 28. oktober 2008

Tatt på fersken?

I dag har eg fått føle det litt kroppen at det er lett å bli tatt på fersken nå når snøen har komme. Snøen er kvit og vi lager spor i den. Kva fører desse spora til? Jo, det fører til at andre kan sjå at her har det gått ein person... Å, når eg ganske ofte går rett på sida eit hus (der eg eigentleg ikkje burde gå, for det er i hagen til noken andre) seier det seg sjølv. Dei ser at her har det gått ein person men samstundes ser dei kor eg har gått...


Eg vil difor sei at snøen er ganske upraktisk på denne måten!

mandag 27. oktober 2008

Kva er snø godt for?

Eg er litt imot snø kan eg sei... Eg håper kraftig på ein vinter som blir litt utenom det vanlige (altså ein vinter uten å gå på krykker)! Haha... Snøen er fin når den bare ligger der, men Lene klarer ikkje la vere å gjere noke morsomt i den heller. Kanskje eg faktisk skal ta det med ro i år??? Hmmm... Går det ann når eg nettopp har kjøpt meg nye ski?

Feil parkering?

Folk i Volda er heilt utruleg dårlige på å parkere "riktig"! Det beste folk veit i Volda er å parkere mellom to plasse. Kan det vere så vanskelig å parkere riktig? Eg kan ikkje heilt forstå dette... Kanskje politiet burde gå rundt å gi bøter til dei som ikkje står på innsida av plassen. Det verste er jo at når ein begynner å parkere dårlig og feil gjer alle andre det også. Eg kan ikkje fatte at dette går ann?

Burde kanskje vi sørlendingar ha eit parkeringskurs med folk i Volda?

søndag 26. oktober 2008

Hjelp! Helene skal gifte seg...

Lille Helene skal gifte seg... Må sei eg blei ganske rørt når eg så ho gjekk opp kirkegulvet. Ho var fantastisk fin og alt lå til rette for ein super dag. Alt gjekk etter planen heilt til Helene skulle danse og den siste filmen skulle vises. Helene fallt berre to ganger, men kom seg fort opp igjen! Det morsomste av alt var filmen frå Karianne, meg og Inger Lise, der Helene blir dumme ganske godt ut. Familien skjønte ikkje kva dei såg... Vår Helene, kan ho vere sånn? Ei ny side av Helene kom frem denne kvelden...

fredag 24. oktober 2008

Osama Bin Laden?

Lurer på om eg så Osama Bin Laden i dag. Vurderte nesten ein stund å nekte han å komme ombord i flyet i alg med meg... Han hadde langt skjegg og snakka i telefonen heile ventetida. Kanskje han planla noke (som han ikkje fekk satt ut i livet)? Han oppførte seg veldig fint og vi landa på normalt vis.

Venting....

Venting er eit stikkord når ein er på reise. Det er viktig å ha tolmodigheta i orden. Reise til Arendal gjekk uten dei store problemene, bortsett frå ein del venting grunna dårlig ver. Det var nesten litt fasinerande å sjå på det lille flyet i lufta... Må innrømme at eg var litt nervøs inni blandt, då eg satt med propellen rett uttafor vindauge mitt. Tenk om den stoppa???

Stille før stormen...

Lene er nervøs... Ho skal ut å fly med eit lite Widerø fly...

torsdag 23. oktober 2008

Fasinasjonen kjøttdeig!

Ja, folkens... Kjøttdeig er ein fasinasjon! Eg kan ikkje beskrive kor ofte eg tenker på kjøttdeigen som noke spesielt i vårt samfunn. For det første klarer den alltid å bli stekt på alle sidene, men den blir god også. Nei, eg gir meg henn til den fasinerande kjøttdeigen. Du er ganske viktig i mitt liv ;)

onsdag 22. oktober 2008

5 grunner til ALDRI å bli vaksen!

1. Kan få vaska sengetøyet sitt av mamma
2. Ein trenger aldri å ta oppvasken
3. Ein må ikkje ta ansvar for andre enn seg sjølv
4. Ein kan slippe å kunne ulike ting som eg trodde eg skulle lære når eg blei vaksen (men har eg eigentleg lært det?)
5. Eg må forsørge meg sjølv og ordne opp i livet mitt aleine

Mamma, tror det skal bli godt med litt påfyll nå ja ;)

Har katter hjerne???

Smart katt? Hmmm... Då eg skulle sjå ut vidauge i dag så eg noke eg ikkje heilt pleier å sjå. Rett på utsida satt ei katt og spiste på søppla som eg satt ut i går kveld. Katta satt der å såg seg rundt for å vere sikker på at det var klart til å spise i ro og fred. Men det var ein plass den glemte å sjå, å det var inn vindauge. Etterkvart så katta rett inn på meg... Eg banka på ruta for å "jage" den bort, den løp bort men ikkje så langt. Katta satt seg berre rett borti buskane og lurte til eg skulle gå.

Eg syns katta viste tegn til å ha ein hjerne, ein ganske utspekulert hjerne faktisk! Katta blei ganske skuffa då eg tok med meg søppla og gjekk!!! Haha...

Den STORE dåpen!!!

Haha... Den STORE dåpen er ein morsom sak og innebærer så følgande :

1. Gå inn til ein brukar og still deg over dassen med trynet
2. Pass på at det er klart rundt deg (OBS : d blir vått i eit ganske stort omfang)!
3. Dra i den til å dra "ned" i do med (er på sida dassen)
4. Stå der til du er passe våt i trynet
5. Du finn nemlig fort ut at den drar ikkje ned men opp (bokstavlig talt)!
6. Eg anbefaler det, du lukter bare litt "godt" etterpå
7. Vask deg i trynet etter "dåpen"
8. Nå er du ein skikkelig arbeider

tirsdag 21. oktober 2008

Visste du at...

Eg har levd i

*Ca. 720144000 sekunder
*Ca. 12002400 minutter
*Ca. 200040 timer

mandag 20. oktober 2008

Svar på dei siste to gåtene:P

Kor lang tid brukte Lene på å spise opp eit eple i dag?
* Frå Ørsta til Volda og 5min heime åsså ;) Det var så sinnsjukt stort det eple!

Korleis meinte pappaen til Lene at ein sosionom så ut?
* Målretta blikk, flate bryst, lille skjerf og brune fotform sko.

Dei fleste av dere klarte å svare riktig på begge spørsmåla :D

lørdag 18. oktober 2008

Der fekk vi den seieren vi venta på :)

Etter ein fantastisk helg på Høgtun fhs sitter eg igjen med mange inntrykk. Ein av dei morsomste tinga var seieren mot husmorlaget. Den var etterlengta. Hehe... Piggtrååå :D

fredag 17. oktober 2008

Årets flause!!!

Det skal ikkje gå ann å vere så lite smart som Lene var i går... Lene skulle dra ned i do til ein brukar, men det var ikkje berre berre. Denne doen har ein litt spesiell "ned drager" på sida som spyler oppover... Då kan du nesten tenke deg resten sjølv! Lene trykka på ned drageren og der var heile trynet til Lene heilt vått!!! Den spyla oppover den!!! Der som brukaren nettopp hadde vore skikkelig på do!

torsdag 16. oktober 2008

Det kribler i magen...

Volleyballhelga nærmer seg med stormskritt. Baggen blir snart pakka og ein er klar for å sette kursen mot Torvikbukt og idyllen Høgtun :D Kroppen skal trimmes både fysisk og psykisk. Både med volleyball og latter. Eg trur at den største utfordringa denne helga blir å klare å legge seg og ikkje minst stå opp igjen tidleg neste morgon. Det er så mykje som skal gjerast før ein kan køye for natta... Mange som skal snakkes med osv...

Dette blir ein bra helg folkens!!!

mandag 13. oktober 2008

Tegn på at ein begynner å bli vaksen!

Det viser seg berre meir og meir at Lene ikkje er ei lita jente lenger, sjølv om ho gjerne vil vere det.

5 tegn på at ein begynner å bli vaksen:

1. Blir høgare
2. Får meir ansvar
3. Skjønner kor tid blomstene trenger vatn
4. Begynner å synes at husarbeid er koselig
5.Baker

Dette er berre nokre tegn på at ein begynner å bli vaksen!

Har du nokre fleire forslag?

fredag 10. oktober 2008

Lene er redd skumle menn...

Lene er redd for å gå gjennom skogen!
Lene er redd skumle mannfolk!

Då kan du tenke dæ kombinasjonen skog og mannfolk... Hjelp! Hehe... Tok meg ei lita skogstur her om dagen. Kva traff Lene på då? Joda, eit mannfolk som stod å røyka ( tror han smugrøyka) for kjerringa. Hehe...

torsdag 9. oktober 2008

Visste du at...

Eg har levd i ca. 719107200 sekunder, ca. 11985120 minutter, ca. 199752 timar, 8323 dagar og 1189 veker.

I tillegg til dette så visste du at........ Pencilinen blei oppdaga ved eit uhell???

mandag 6. oktober 2008

Lene si nye oppdaging!

I dag har eg oppdaga kor krevande det kan vere med eit stort eple. For i dag trur eg så absolutt at eg har funne Noregs største eple! Eg tok bilde av det, men finn ikkje kabelen til kamerat så dere får sjå det her... Men kjem etterkvart ;)

Det var som eit stort måltid middag! Heilt sjukt :P

søndag 5. oktober 2008

Korleis går det ann???

Eg trodde virkeleg detta ikkje var muleg... Hold dere godt fast! Nå på torsdag denne veka stod eg på utsia Rimi i Volda og venta på å bli henta. Det er nemleg ikkje berre å vere i ein butikk og ikkje minst å vente på utsia.

Lene står i kassa for å betale, då ein mann plutseleg seier til med "hei, huska dæ lissom ikkje heilt igjen, men korleis går det med foten din?...". Eg svarer "hmmm... eg må vel innrømme at eg ikkje veit ken du e... " Han blir tydeleg flau og vil eigentleg slutte samtalen der, men Lene fortsetter... Å, ja seier eg! Så spør han vidare, har du vore på kontroll eller? Og eg legger ut kor ti eg skal det også vidare. Legg merke til at HEILE denne samtalen foregår mellom to kassar med ein del kundar og mange matvarer. Det viste seg nemleg at denne mannen var kirurgen som blei tilkalt under operasjonen med han Njål Kasto.

5 min seinare står eg på utsia Rimi og det kommer ein mann gåande i ein stor fart inn i butikken. Han smiler litt tappert til meg, men eg skjønner ikkje ken det er. Han kjem fort ut igjen av butikken og går halvveis over gangfeltet før han brå snur og går mot meg. Då han går forbi meg sier han bare " søren heller, at det går ann... " også går han inn igjen i butikken. Etter ein stund kjem han ut igjen uten å sjå på meg eller noke. Eg prøvar å tenke, ken er dette?

Eg har vel komme frem til at det var nok hovudkirurgen som hadde operert meg ein veke tidlegare. Trudde eg skulle le meg i hel... :D

fredag 3. oktober 2008

Internett er det største tidsslukeren på jorda!

Det er rart med den, men uansett kor kjedelig det kan vere å sitte på nettet gjer eg det likevel. Alltid eit eller anna som går ann å lese, gjerne for å slippe å gjere andre ting ( som burde gjerast ), som for eksempel skulearbeid. Sist nemte blir fort og enkelt skøvet til side og ikkje snakka om. Det er så greit heilt til å sitter der to veker før eksamen, hmmm... Har vi hatt om detta før???

Du ser då virkeleg ut som eit stort spørsmålstegn...

Rart med det, men eksamen ordner seg uansett ;) (Trøyst til deg Liv Grete :P )