CLICK HERE FOR BLOGGER TEMPLATES AND MYSPACE LAYOUTS »

søndag 20. juli 2008

Kven gjetta riktig på gåtene mine?

Det er ikkje godt å sei for meg, men her kjem svara. Kanskje dere har vore kjempe flinke denne gang :P

*Kva skjedde då Lene var ute og kjørte bil for fyrste gong?
Riktig svar : Ho kræsja nesten i eit vikepliktskilt :P (trur ikkje vi skal gå nærmare inn på den episoden)

* Kva sa ein pasient til meg i dag når eg smila til ho?
Deres svar : Kjeften er like stor som ein balje
Riktig svar : Hestetenner

Klarte å lure dere godt der ja :P

fredag 18. juli 2008

Til informasjon :P

Ville berre informere om at eg skal kjøpe meg steikepanne :D
Føler det er litt viktig for folk å vite kva som skjer i livet mitt ;) haha

onsdag 16. juli 2008

Dagens syn :P

I kveld har eg sett verda sitt morsomste syn. Eg skjønner ikkje ta det går ann altså... Eg var på veg heim frå Karianne då eg bestemte meg for å køyre ein liten omveg. Tenkte det var fint med ein tur. Eg angrer ikkje eit sekund på den omvegen eg tok :D

Ka så Lene???

Ho så ei dame som hadde store pupper, rompa rett i veret og hendene ut til sida. Å blond som berre det :P Ho gjekk som ho skulle dritt på seg... Haha...

søndag 13. juli 2008

Dagen då Lene blei skjelt ut av ein pasient!

Det er ikkje alltid like enkelt å stelle ein dement pasient. Dei vil veldig gjerne klare seg sjølv og klarer ikkje heilt sjå sine eigne trengsler. Det var ikkje rå å få tatt på ho i det heile tatt, alt var galt. Det heile endte med at eg måtte gå frå ho sittande på sengekanten, dinglende med beina. Eg fann ut av at det var like greit då ho berre slo etter meg likevel. Ho skjella og skjella, eg kunne jo ikkje berre stå der å snakke sånn til ho...

Avsløring på dei to fyrste gåtene :P

Kva skjedde på volleyballbanen i dag?

Riktig svar var, Lene viste puppen til tilskuerne :P

Kva skjedde då Lene skulle legge ut nøkkelen i boden til sin bror?

Riktig svar var, Lene mista nøkkelen mellom veggane i boda :S

lørdag 12. juli 2008

Dagens sitat!

" Du er ikkje kyndig nok til å sjå om det har kome avføring oppi såret mitt!" , Anonym.

Glassmeisteren;)

I dag har eg Lene Johansen utnevna meg sjølv til glassmeister :D Kjenner det på meg at det var vel fortjent etter å ha kasta same glass på gulvet på under eit minutt. Det var då eg skulle ønskje at pasienten var tunghøyrt, då hadde ho ikkje høyrt noko. Einaste gong eg trur det er praktisk at dei eldre er tunghøyrte.

torsdag 10. juli 2008

Dagens då det spesielle skjedde...

Ja, dette var dagen då det spesielle skjedde. Lene måtte gi "terapi" til pårørande til ein pasient som døde same dag. Ikkje lenge etterpå skulle Lene legge ein pasient, då pasienten plutseleg besvimte i heisen på veg opp frå doen. Lene fekk heilt panikk og stod berre å skrek til pasienten. Pasienten kikka berre med eit tomt blikk på meg med raud sprengte auge.
Lene var veldig glad då vakta var slutt, bortsett frå at ho skulle sove aleine i huset neste natt.

Eg var glad eg var stor og sterk då eg kom heim, for då kom tankane til hjernen min... :S

onsdag 9. juli 2008

Dagens sitat!

I ein samtale med ein pasient kom det plutseleg frå dama på over 80år,

" Hva er det du er tel?" Anonym over 80år.

Eg lo så eg nesten fallt om på gulvet. Kva skal ein svare på sånn?

tirsdag 8. juli 2008

Lene nesten angrepet av grevling :S

Eg var ute og gjekk ein fin kveldstur i stad. Fuglane kvitra og Lene sang! Vi sang tydeleg frem noken dyr som eg kunne vore forutan å treffe. Nokre meter foran meg stod det ein grevling og kikka meg rett inn i augane. Eg blei heilt frå meg av skrekk, å tenkte at denne grevlingen måtte eg ikkje irritere opp på noken som helst måte. Til slutt løp den ned i sivet. Lene gjekk vidare bortover vegen på motsatt side, då ho trodde det var trygt der. Det tok ikkje lange tida før eg så at der tok eg dugelig feil. Plutseleg stod det ein grevling foran meg igjen, virka som han var klar for å angripe. Kva skulle eg gjere nå? Eg blei stiv av skrekk... Trur grevlingen skjønte at eg vart redd, så den løp på hi sida av vegen. Då stod plutseleg Lene der med to grevlingar rundt seg, kor skulle ho gå henn? Lene valde å gå rett frem og håpe på det beste.

Lene var veldig glad når ho kom heim og var trygt inne i huset!

Godt sagt :)

Når ein jobber med demente blir det sagt mykje artig. Meiningar blir sagt rett ut... I dag fekk eg ein god kommentar slengt midt i ansiktet. Eg skulle hjelpe ein pasient med å komme opp i ein heis. Då eg skulle kneppe belte rundt magen var eg nær puppane hennar. Så då kom kommentaren :

" Du tek på puppissene min du, men du er nå forsåvidt unnskyldt, for du har då ingen hjerne!"

mandag 7. juli 2008

Kva lider eg av?

Eg har i lang tid fundert over livet og ikkje minst fundert over kva eg lider av. Likevel finn eg aldri nokre svar. Men i dag skjønner dere så fekk eg eit innspel frå ein glup kar. Han sa som følger, du må lide av ADHD! "Du står jo å vifter med bil nøklene heile tida". Så då tok eg det som god fisk! Kanskje det var litt dumt???

Kan noken hjelpe meg?

Eg er ei dame i tjue åra som aldri finn frem på e18 mellom Grimstad og Harebakken. Eg søkjer ein mann som kan lede meg på rett veg om kvelden når det er mørkt og trist ute. Kanskje De er den rette? Eg er vimsete, lita og blek. Du finn meg i kjøledisken på Rimi :P

Kan noken hjelpe meg, så ring : 90 00 00 01

Oppskrifta på kjeks!

Her kjem oppskrifta på "gode" kjeks.

1 hand mosa gulrøtter
1 hand mosa poteter
1 hand mosa fisk

Tilsett gjerne litt suppe på toppen! Det sett ein spiss på smaken ;)

Helsing kokken "Halgrim"

Ken er Huldra?

Ja, dette er kanskje eit spørsmål som mange har lurt på... Ka er eigentleg svaret? Finns Huldra? Eller er det berre ein leikefigur som noken har dikta opp? :P I dag på jobb fekk eg ein kjensle av at eg var eit skritt nermare sanninga. Eg fekk nemleg vite frå ein pasient at eg var Huldra :D

Så om noken lurer på om ken som er Huldra så er det berre å finne meg ;)

lørdag 5. juli 2008

Kva er spesielt med desse bileta?



Dagen i dag har eg tilbrakt på ein strand! Akkurat på denne stranda var det masse sand og ikkje minst stein :P





Då kan du spørrje deg om, kva var det som gjorde at Lene blei sjåande slik ut? :P:P:P Det er eit spørsmål med berre eit svar :D Haha...


torsdag 3. juli 2008

Lene treffer endeleg sine likestilte :D


Dette var dagen då Lene endeleg skulle treffe sine likestilte i Dyreparken i Kristiansand! Veret var fint og det lå ann til ein meget vakker dag :D Inni mellom hadde eg ein kjensle av at noke var galt. Eg hadde enda ikkje fått helst på mine likesinna. Då vi kom inn i Tåkeskogen fann eg endeleg Toleif :P Han var ein skjønn skilpadde som hadde dei same trekka som meg... Han gjemte seg lite i "huset" sitt, han likte å sjå på omverda :P
Vi fann ein god tone :P

Etterlysning :P


Dagens finaste bil blei kåra då eg var ute å køyrte meg ein ekstra runde rundt i Arendal by! Det eg lurer litt på er om den har noken eier?!?
Noken som kan hjelpe mæ?
Ring : 00 00 01 02

onsdag 2. juli 2008

Dagens STORE tabbe :S

I dag har Lene gjort årets tabbe vil eg sei. Eg har lært at det ikkje er så lurt å lagre nummeret til tidlegare volleyball trenaren min fyrst i telefonlista. Eg skulle sende ei melding til Bjørn som ikkje heile verda trenger å lese, men kva klarte Lene å gjere... Jo, ho klarte å sende meldinga til Andreas, Lene si tidlegare volleyball trenar. Så nå har Lene bestemt seg for å lagre eit tulle nummer fyrst i telefonlista for å unngå slike tabber igjen! For eg må innrømme eg blei veldig flau. Det anbefales ikkje for å sei det sånn :P