CLICK HERE FOR BLOGGER TEMPLATES AND MYSPACE LAYOUTS »

onsdag 31. desember 2008

Årets siste dag!

I dag har eg ikkje gjort nokon ting før middag på ettermiddagen. Det smakte herlig med pinnekjøtt som årets siste middag :P Vi har vore på Hoem å feira det nye året, det blei ein sein heimkomst ( vi kom oss heim sjølv om eg ikkje trudde vi skulle klare det ein stund). Det var eit utruleg til snøver som gjorde det veldig vanskelig å køyre denne morgonen. Bortsett frå dette har det vore ein stille avslutning på det gamle året og ein fin byrjing på det nye.

tirsdag 30. desember 2008

Svar på dei to siste meiningsmålingene!

Kva fekk Lene til jul?
*Jo, ho fekk bestikk så vi kan få heile Volda (nesten) på besøk. Til min store forundring svarte alle sammen feil på denne. Trur det er første gong i mannsminne...

Kva skjedde på flyet mellom Kr.sund og Bergen?
*Eg blei skjelt ut av ein mann eg aldri hadde sett før. Ein del av dere svarte riktig på denne ja :P Flinke dere er :D

mandag 29. desember 2008

Ny rekord i bowling!

I dag har eg tatt ein ny rekord i bowling. Den nye rekorden lyder på 91 :D Det som er veldig viktig her er at desse poenga blei teken med VENSTRE hand (eg er høgrehendt)! Eg er ganske godt fornøgd med dette :D

søndag 28. desember 2008

Gratulerer kjære Karianne min ;)

I dag er det din dag! Gleder meg til å feire dagen i lag med deg ;) Du er så god! Nå har du endeleg komme ut av tenåra å inn i dei fine 20åra ;) Hehe... Kos deg så utruleg mykje i dag vennen! Super glad i deg schnuppa mi ;)

lørdag 27. desember 2008

Viva la Volda :D

Yes, der var eg tilbake i Volda for ein liten stund. I morra skal vi feie Karianne som går ut av tenåra. Endeleg stor jente! Reisa var behagelig heilt til Oslo. Frå Oslo til Volda verker det som den samme ungen har skreke kontinuerleg heile vegen (altså altfor mange timar)!!! Nå skal eg nyte morra dagen i Volda før eg setter kursen vidare mot Torvika.

fredag 26. desember 2008

23 år - sprøtt :D

Korleis går det ann å fylle år kvart år? Eg kan ikkje heilt skjønne det eigentleg! Her ein dag måtte eg finne ut korleis år vi var i for å vite kor gammel eg blei, det er ikkje alltid like enkelt å vite sin eiga alder skjønner du :P Haha... Det skal ikkje vere enkelt!

torsdag 25. desember 2008

Sørlandet - paradis på jord;)

I dag har Lene vore på gåtur på Hove. Eg visste ikkje at Hove var så fint som eg oppdaga i dag. Sola skinte, fuglene kvitra, vatnet var stille og menneskene gjekk rundt å småsnakka! Det var heilt fantastisk og det verka ikkje som eg var på sørlandet. Det var som paradis på jord her i Arendal i dag :D

onsdag 24. desember 2008

Arendal-spøkelsesbyen?

I dag har det vore ein utruleg fin dag i Arendal! Eg har aldri hatt det så stille og fredlig på formiddagen på ein julaften i heile mitt liv. I dag har eg vore i byen å handla dei siste julegavene :D Det var ingen folk, heilt stille og deilig. Arendal har nesten ligna ein spøkelsesby i dag... Det å sitte i Pollen og kose seg med nokon druer var berre heilt perfekt! Ingen folk som snakka eller nokon ting, berre sola som skinte omkapp med barnsmil i dag. Det har rett og slett vore ein perfekt solskinnsdag i Arendal! Og det på ein vinterdag?!? Det er for godt til å vere sant... Vi kunne eigentleg spist julemiddagen ute på terrassen i dag :p

tirsdag 23. desember 2008

Siste hand på verket!

I dag er det siste hand på verket med julegavene (eller det burde vere det i alle fall). Fingrene har gått i ett og hodet har tenkt og telt. Eg hadde aldri trudd eg skulle bli ferdig i år igjen, men det gjorde eg gitt. Eg er heilt impornert! Jula er eigentleg ein stressande tid med masse i haudet på ein gong. Det er ikkje berre ein ting som skal bli ferdig men fleire. Eit anna problem er at ein finner på nye ting heile tida som ein kan lage til jul.

mandag 22. desember 2008

Den store handledagen?

Denne dagen skulle gå med til å slappe av å kose meg, men kva skjer? Jo, Lene surrer rundt og prøver å få gjort noko fornuftig... Men ingenting fornuftig hender, så Lene finner ut av at ho får ta det på julaften! Ein gjekk jo i kø i butikkane i dag, blir sprø!!!

Men sola skinner masse :D

søndag 21. desember 2008

Har ein elg kjensler?

Eg lurer veldig på om ein elg har kjensler? Kan nokon svare meg på det?
Grunnen for at eg lurer på det er at nokon av mine venninner prøver å påstå at ekspertene meiner at jakt sesongen må avsluttes litt tidleg på hausten, slik at både jegeren og elgen har ein "fair" sjans til å rømme... For eg måtte jo tenke på elgen sine kjensler. Går dette virkeleg ann altså?

lørdag 20. desember 2008

Fråstjåla?

Ja, nå skal dere høyre her. Vi er fremleis på hyttetur fire jenter (dømt til å gå galt vettu)! I kveld hadde vi bare pizza til middag, men det viste seg ikkje å vere berre berre. Eg satt og broderte og gleda meg til å byrje på pizzastykke som stod rett foran meg. Då eg skal bøye meg frem for å byrje å spise så er pizzastykke plutseleg borte. Der ser eg Helene sitter og spiser mitt pizzastykke og "gørr" koser seg. Ho prøvde å påstå at ho ikkje gjorde det med vilje, men eg er nesten litt usikker... Eg vil påstå at det er litt spesielt å ta pizzastykke til ei anna ei som sitter og spiser...

fredag 19. desember 2008

Førevar :p

Lene skal ut på tur i helga så det blir lite blogging frå min side. Lene skal stå på ski, så ikkje regn med at ho kjem heil heim igjen! Sørlandet blir farlig. Hehe... Kos dere masse i helga folkens!

torsdag 18. desember 2008

Korleis skilt er det tru?

Jo, nå skal du få høyre her :p I dag har Lene vore ute og køyrt bil i store Arendal. Til Lene sin store forbausing så er det litt større enn Volda ja :P Større by vil også sei mer å ta omsyn til og korleis skal Lene klare alt dette på ein gong? Det let seg rett og slett ikkje gjere. Det heile endte i dag med at Lene køyrte i feil retning. Planen var å køyre rett frem men der kom eg til eit skilt. Eg leste skilte og tolka det som "oisann det var rart", her er det parkeringsforbudt. Kvifor står det her midt på vegen? Eg køyrte litt til og fann fort ut kva det skiltet betydde, jo STOPP!!! Då det kom ein bil mot meg skjønte eg fort at her skulle ikkje æ køyre. Eg måtte komme meg vekk, fort som fy! Det heile endte med at eg måtte rygge fort tilbake og late som ingenting og ikkje minst håpe på at politiet ikkje var i nærleiken. Det hadde ikkje blitt billig!

onsdag 17. desember 2008

Reisedag!

I dag har eg reist litt i Noregs land. Eg har vore innom ein del plassar på kort tid. Kr.sund, Bergen (utruleg dårlig merka flyplass, fann ikkje vidare), Kr.sand og Arendal. Eg har fått gjort mykje på kort tid og opplevd ganske mykje rart. Frå Kr.sund til Bergen var det ein sjuk turbulens... Flyet klarte ikkje køyre rett frem ein gong, det gjekk frå side til side. I lufta gjekk det opp og ned, ville tilstander. Bortsett frå at eg bomma på ein buss i Kr.sand så gjekk turen som venta (eller ikkje venta, pleier lissom alltid å skje noke gale...). Det er snart jul :P

tirsdag 16. desember 2008

Ferietid :D

Det er ferietid! Eg berre seier det er ferietid! Ferien er til for å ikkje gjere noko fornuftig berre tulle og fjase :D Så i dag har det ikkje skjedd så mykje, berre tull og fjas :D Men eg har ein fantastisk kjæreste :D

mandag 15. desember 2008

Svar på dei siste to gåtene:P

Korleis oppfører den eine sikringa i leiligheita seg?
* JO, den er ein råtass på å forskjellsbehandle husholdningsartikler.
Dere var veldig flinke til å gjette :D

Kva har Lene kjøpt for 78kroner i dag?
* Eg har kjøpt dopapir i julegave :D Det var eit heilt spesielt dopapir vel og merke :P Burde sjåast :D
Nesten ingen svarte riktig på dette spørsmålet, prøv igjen på neste meningsmåling :D

søndag 14. desember 2008

Relativt dødt i Lene sitt liv i dag...

I dag har det rett og slett ikkje skjedd ein dritt! Kan ikkje huske noke som er verdt å fortelle frå Lene sitt liv i dag nei... Det har vore ein slapp og litt treg dag! Eg vil ønske alle ein god jul og god ferie (for dei er som heldige studenter)! :D:D:D

lørdag 13. desember 2008

Autovernet er min venn?

Ja, mitt kjære autovern! Kva skal eg seie... Eg har alltid likt å sett på autovern men har ikkje heilt likt å køyre inn i dei. I dag har eg fått utfordra meg sjølv og bilen på glatta. På veg ut av ein rundkøyring har eg litt for stor fart og bilen snurrer! Kva gjer eg då? Det endte med at eg nesten kosa litt med autovernet i stedefor midten av vegen. Klarte å redde meg frå autovern kosen! Godt fornøgd!

fredag 12. desember 2008

Lene mindre rastlaus enn før?

Eg fatter ikkje korleis eg klarer å få tida til å gå uten å ha noko å gjere... Det er heilt utruleg! Det er ei virkelig ny sige av meg sjølv. Endeleg klarer Lene å ha ein dag uten å ha planer. Kanskje Lene har blitt vaksen???

torsdag 11. desember 2008

Eg autistiske trekk... ???

I dag har eg vore på julebord med jobben på Rokken. Eg endte på sida av sjefen min og ovenfor nest sjefen. Vi satt og snakka litt laust og fast, så kom vi inn på det med å huske tall og namn og sånn. Lene sier plutseleg : "Eg husker nesten alt av tall og ikkje minst når eg leser ein ting så husker eg korleis side eg leste det på og ikkje minst kor på sida eg leste det... " Sjefen min sitter og tenker litt og svarer, syns det minner meg litt om autister eg. Sjefen og nest sjefen ser bort på kvarandre og omtrent leser kvarandres tankar. Det ender med at dei sier, Lene du har litt autistisketrekk! Lurer nesten på om vi kan sette ein diagnose nå...

Er dette heilt normalt?

onsdag 10. desember 2008

Onsdag er ikkje som andre dagar :P

Onsdag er ikkje som andre dagar. I alle fall ikkje denne onsdagen. Dagen byrja dårleg med at eg kom meg såvidt ut av senga. Fortsatte med at det var vanskeleg å bevege seg rundt i leiligheita og endte med at eg la meg! Norge vann handball kampen ganske komfortabelt åsså :D

tirsdag 9. desember 2008

SNØ og atter SNØ!!!

Eg liker ikkje heilt snøen som faller i Volda for tida. Det blir glatt og vi må berre få biler opp av grøfta :D Hehe... Det er ein positiv ting med snøen, ein får julestemning :D:D:D

Må berre sei ein ting... I dag har eg spist MELIS med PEPPERKAKE!!!

mandag 8. desember 2008

Burde Lene har hatt noke med vaskemiddel å gjere?

Eg kan berre sei ein ting... Kvar gong eg skal gjere noko med vaskemiddel (spesielt klorin) så går det gale! Om eg ikkje får salmiakk i auge så klarer eg å sette meg i klorin! Eg skal love deg at klorin og Lee bukse ikkje henger veldig godt i lag. Lee buksa som i utgongspunktet var svart blei kvit og klorinen var veldig fornøgd!!!

søndag 7. desember 2008

Sove bak ratte???

Dagen i dag har vore veldig slitsom. Eg har vore så trøtt at eg fyrst holdt på og sovne bak ratte på vår 2 timer lange køyretur, så holdt eg på og sovne ståande på volleyball kampene. Dagen endte med at eg måtte gjere ferdig eksamensoppgåva mi, eller vent litt... Dagen endte eigentleg veldig koselig, eg og Bjørn pynta pepperkakehus :D

lørdag 6. desember 2008

Svidde pepperkaker?

Svidde pepperkaker sa du? Neidå... Haha... Det var heldigvis ikkje eg som svidde dei i dag. Eg fekk virkeleg prøve å arrangere eit juleverkstad der eg ikkje hadde peiling på noken ting. Ting ordna seg etterkvart og vi fekk laga nokre gode pepperkaker også :D Vi meistra ein dag med mange utfordringar!

fredag 5. desember 2008

Grautfest!

I dag har det vore grautfest på Bøen gard. Mange folk var samla og masse graut var laga. Vi kosa oss massemed kvarandre og grauten (vel å merke spiste ikkje eg graut). Ut over kvelden hadde vi ein kviss, der mitt lag kom på 2.plass :D Eg kan ikkje skryte på meg at eg var så veldig behjelpelig akkurat. Hehe... Ein vellykka kveld!

torsdag 4. desember 2008

Femi eller ikkje Karianne???

Eg tror eg ler meg i hel! I dag har eg og Karianne vore i Ålebyen og handla julegaver. Vi kosa oss masse! Toppen på kransekaka kom då vi var inne på Hennes § Mauritz. Vi snakka ganske høglytt om femie gutar og homoseksuelle. Plutseleg roper omtrent Karianne over heile butikken då ho går forbi nokre boxere. Å, den var skikkelig femi! Akkurat i det samme augeblikk Karianne roper dette går den mest femie i Ålesund rett forbi oss. Han kan ikkje ha unngått å hørt dette. Han gjekk berre vidare men vi hadde ein stor aning om at han eigentleg høyrte oss. Vi knakk nesten sammen på gulvet kort tid etter grunna latterkrampe :D

onsdag 3. desember 2008

Jula nærmer seg nå :P

I dag er det onsdag og det er 5 dagar til eksamen skal leverast! Det skal bli ei fantastisk oppleving :D Då skal eg smile ja :P Trur vi må dra til Ålebyen på shopping då altså ;) Hehe... Om dere ikkje visste det så er det 21 dagar til jul! Hurra hurra hurra! Kanskje julegavene må i hus snart?

tirsdag 2. desember 2008

Burde eg hatt LAPPEN?

Korleis skal ein opne panseret på ein bil og ikkje minst korleis lampe skal bilen vår ha? Jo, alt dette blei eg spurt om på bensinstasjona i dag. Treng du H4 eller H7 pære? Jo, nå skal du høre sa eg... Eg har ikkje peiling. Det einaste eg veit er at vi har ein Opel :D Han måtte flire litt og blei med meg ut. Då kom den neste utfordringa... Kan du opne panseret? Ja, sa eg... Men det heile endte med at han måtte vise meg korleis eg opne panseret på bilen vår. Tipper han tenkte: Ho skulle ALDRI hatt lappen... Til slutt fekk han skifta lyspære og eg kjørte fornøgd vidare :D

Eg vil berre sei at vi trengte H7 pære for vi hadde to separate pærer og då er det alltid H7 pære. Hehe...

mandag 1. desember 2008

Desember har komme :D

Det er 1.desember :D Julenissen kjem snart, men det betyr også at det snart er juleferie! Det er ei utruleg flott tanke å tenke. Nå kan vi opne julekalenderen( som eg ikkje har) og berre sjå på at det snør ute. Eg vil oppfordre alle til å glede seg litt i desse juledagar, vi har mykje å glede oss over. Lykke til i julestrida folkens :D