CLICK HERE FOR BLOGGER TEMPLATES AND MYSPACE LAYOUTS »

tirsdag 2. desember 2008

Burde eg hatt LAPPEN?

Korleis skal ein opne panseret på ein bil og ikkje minst korleis lampe skal bilen vår ha? Jo, alt dette blei eg spurt om på bensinstasjona i dag. Treng du H4 eller H7 pære? Jo, nå skal du høre sa eg... Eg har ikkje peiling. Det einaste eg veit er at vi har ein Opel :D Han måtte flire litt og blei med meg ut. Då kom den neste utfordringa... Kan du opne panseret? Ja, sa eg... Men det heile endte med at han måtte vise meg korleis eg opne panseret på bilen vår. Tipper han tenkte: Ho skulle ALDRI hatt lappen... Til slutt fekk han skifta lyspære og eg kjørte fornøgd vidare :D

Eg vil berre sei at vi trengte H7 pære for vi hadde to separate pærer og då er det alltid H7 pære. Hehe...

0 kommentarer: