CLICK HERE FOR BLOGGER TEMPLATES AND MYSPACE LAYOUTS »

torsdag 18. desember 2008

Korleis skilt er det tru?

Jo, nå skal du få høyre her :p I dag har Lene vore ute og køyrt bil i store Arendal. Til Lene sin store forbausing så er det litt større enn Volda ja :P Større by vil også sei mer å ta omsyn til og korleis skal Lene klare alt dette på ein gong? Det let seg rett og slett ikkje gjere. Det heile endte i dag med at Lene køyrte i feil retning. Planen var å køyre rett frem men der kom eg til eit skilt. Eg leste skilte og tolka det som "oisann det var rart", her er det parkeringsforbudt. Kvifor står det her midt på vegen? Eg køyrte litt til og fann fort ut kva det skiltet betydde, jo STOPP!!! Då det kom ein bil mot meg skjønte eg fort at her skulle ikkje æ køyre. Eg måtte komme meg vekk, fort som fy! Det heile endte med at eg måtte rygge fort tilbake og late som ingenting og ikkje minst håpe på at politiet ikkje var i nærleiken. Det hadde ikkje blitt billig!

0 kommentarer: