I dag har det vore ein utruleg fin dag i Arendal! Eg har aldri hatt det så stille og fredlig på formiddagen på ein julaften i heile mitt liv. I dag har eg vore i byen å handla dei siste julegavene :D Det var ingen folk, heilt stille og deilig. Arendal har nesten ligna ein spøkelsesby i dag... Det å sitte i Pollen og kose seg med nokon druer var berre heilt perfekt! Ingen folk som snakka eller nokon ting, berre sola som skinte omkapp med barnsmil i dag. Det har rett og slett vore ein perfekt solskinnsdag i Arendal! Og det på ein vinterdag?!? Det er for godt til å vere sant... Vi kunne eigentleg spist julemiddagen ute på terrassen i dag :p
bobsweep pethair plus
for 2 år siden
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar