CLICK HERE FOR BLOGGER TEMPLATES AND MYSPACE LAYOUTS »

mandag 29. september 2008

Svar på den siste gåta:)

Her kjem kunngjeringa på min siste gåte! Tenker dere er spente på kva eg har gått til innkjøp av :P Hehe... Lene har lenge snakka om at ho skal kjøpe seg steikepanne, så dei som tippa det var veldig nær...

Lene har gått til innkjøp av ny barberhøvel, men ein heilt spesiell ein. Den har innebygd skum og lukter heilt fantastisk :D Hehe...

lørdag 27. september 2008

Då har Njål Kasto forlatt Lene sin kropp :(

Livet har vore hardt og brutalt etter at Njål Kasto blei kasta i søppla... Han forsvant fort og rart under operasjonskniven! Dei leita lenge etter å finne han, men fann han litt etter litt :P

Nå er Njål Kasto tilbake der han mulig skal vere, i søppla på sjukehuset i Volda :D

fredag 26. september 2008

Svar på den siste gåta:)

Kva er Lene sitt yndlingsdyr?
* Det er det fantastiske pinnsvin dyret det :D

Dei er så utrolig skjønne :D

torsdag 25. september 2008

Lene er surrete ;)

Haha... Livet til Lene består for tida i å drive dank! haha :P:P:P

Kan noken hjelpe meg til å bli eit betre menneskje?

onsdag 24. september 2008

Svar på den eine gåta mi ;)

Kva har Lene ikkje gjort av dette per. 24.09.08?
*Eg har ikkje operert ut kråkebolla

søndag 21. september 2008

Kva skal eg gjere?

Hjelp, hjartet mitt banker.
Eg er på eit heilt ukjent sted,
men samstundes har eg ein kjensle av at dette er trygt og kjent.
Studentar har eg alltid sett på som "store" vaksne menneskje som kan alt, veit alt og passer på alle.

Nå sitter eg her i Volda som student sjølv. Det vil sei at då er eg eit "stort" vaksent menneskje som kan alt,veit alt...
Det er heilt absurd å tenke på!
Då eg byrja på vidaregåande skule tenkte eg at eg enda har mange år å lære på.
Alt som er sjølvsagt at andre gjer for meg, må eg plutseleg gjere sjølv.
Ta inn posten, vaske kler, rydde, skjønne korleis ein kobler til tv osv...
Her blir ein kasta ut i det.
Nå må eg stå på eigne bein og klare meg sjølv.
Det er rart, men samstundes godt!

Dette skrev eg i fjor haust :P Kanskje dette er litt svaret på mitt eiga spørsmål tidlegare i kveld!

Lene MÅ bli vaksen!!!

Lene har nå innsett at ho må bli vaksen så fort som berre fy. Eg er ikkje lille dritt ungen lenger, eg har ansvaret for andre. Det er heilt vilt! For eit fantastisk liv :)

Men er det noken som har nokre forslag til korleis eg fort kan bli vaksen???

fredag 19. september 2008

Det nermær seg med stormskritt dagen då Njål Kasto skal forlate denne verda :(

Om ei veke skjer det mulig store ting i Lene og Njål Kasto sitt liv. Vi gru gleder oss begge to... Fredag om ei veke er dagen då Njål Kasto mulig skal bli fri! Det kjem til å bli meget spesielt, for vi har endelig begynt å samhandle litt i alle fall! Men men...

Håper det ender godt for oss begge to! Kanskje vi kan møtes eit anna sted Njål?

mandag 15. september 2008

Svar på den siste gåta:)

Kva har skjedd den siste tida i Lene sitt liv?
* Eg har fått tilbud om gratis opphold på Rica Seilet Molde :D

Sånn er det å vere trenar i 2.div i KFUM Volda :P

Sluk, der forsvant bankkortet mitt inn i terminalen!

Sluk sa det bare i dag då eg skulle ta ut pengar i minibanken. For noke dritt eigentleg... Hehe... Men heldigvis kjente eg dei som jobba i banken som sluka kortet mitt, for då fekk eg hente det ut igjen med ein gong!!! Så blei heldigvis redda!!!

lørdag 13. september 2008

Eg anbefaler å ikkje sperre kort!!!

Eg anbefaler å ikkje sperre kort om dei kjem på avveie. Det ligger som regel rett ved sidan av deg... Lene tenkte ho bare skulle sjå inn i skapet for å bare sjå at der ligger det ikkje i alle fall. Men kva finner Lene der? Jo, LOMMEBOKA!!! Å Lene som nå hadde sperra kortet, ordna med midlertiig førarkort osv... For eit styr!

torsdag 11. september 2008

I dag har Lene lært livets lekse!!!

I dag har Lene lært kva ho ikkje burde gjere hjå politiet. Eg kan med sikkerheit si at det ikkje er lurt å gå inn til politiet for å spørre etter lommeboka si, og stå der å veive med bilnøklane i handa. Dama bak skranka spør, då har du vel ikkje førarkortet heller då? Nei, eg har vel ikkje det då... Hmmm... Kva er det eg gjer nå tenkte eg??? Det heile endte med at eg måtte "gå" heim å hente passet mitt for legimitasjon. Lene peser ned 14:59 (polititet stenger 15:00) og rekker det akkurat... Heldigvis ingen bot, men burde kanskje fått det... For alle skjønte jo at eg kjørte uten førarkort!!!

tirsdag 9. september 2008

Kor er lommeboka mi?

Eg finn ikkje lommeboka mi... Kan noken lure folk si meg kor den er? Eg har leita over alt ( tror eg i alle fall)!!! Men eg tar det ikkje så veldig hardt, tipper den dukker opp snart ;)

mandag 8. september 2008

Lene digger PINNSVIN :D

Eg må berre meddele min facinasjon for pinnsvin :P Dei er nokre herlige dyr som er så skjønne! Før eg kom til Volda hadde eg ALDRI sett pinnsvin! Men nå bare på norke veker har eg sett opp til flere :) Ulike størrelser og fasonger! Fantastisk skaperverk!!!

onsdag 3. september 2008

Svar på den siste gåta:)

*Kva er det Lene bruker heilt sinnsjukt mykje av i livet sitt?
Det er telys det ( tek jo berre ein kveld for å brenne opp 4telys jo )! Lurer litt på kor mange telys eg kjem til å bruke dette året :P

tirsdag 2. september 2008

Lene sin nye oppdagelse!

Det er viktig å poengtere at Lene ikkje er heilt normal ( les vidare om du tåler )!


I dag har eg oppdaga ein viktig ting!!!

Eg er eit sosialt dyr som ikkje tåler å vere alene! Eg er rett og slett dårleg selskap for meg sjølv.
Eg er skapt for å leve i samspel med andre menneskjer ( håper andre også er det, ellers blir det litt vanskeleg for meg :S )

mandag 1. september 2008

Snakker ein effektivitet her eller?

Snakker vi smertefritt og rosenraudt???

1. Klokka passerer 10.10
2. Lene går inn på Volda omsorgssenter og spørr etter ledaren
3. Lene får komme inn på kontoret til denne sprudlende damen
4. Klokka passerer 11.00, Lene går ut i bilen og kjører til skulen
5. Klokka passerer 12.13, Lene får telefon frå den kommande jobben
6. Klokka 16.00, Lene er på plass på jobb!

Snakker ein effektivitet???