CLICK HERE FOR BLOGGER TEMPLATES AND MYSPACE LAYOUTS »

tirsdag 8. juli 2008

Lene nesten angrepet av grevling :S

Eg var ute og gjekk ein fin kveldstur i stad. Fuglane kvitra og Lene sang! Vi sang tydeleg frem noken dyr som eg kunne vore forutan å treffe. Nokre meter foran meg stod det ein grevling og kikka meg rett inn i augane. Eg blei heilt frå meg av skrekk, å tenkte at denne grevlingen måtte eg ikkje irritere opp på noken som helst måte. Til slutt løp den ned i sivet. Lene gjekk vidare bortover vegen på motsatt side, då ho trodde det var trygt der. Det tok ikkje lange tida før eg så at der tok eg dugelig feil. Plutseleg stod det ein grevling foran meg igjen, virka som han var klar for å angripe. Kva skulle eg gjere nå? Eg blei stiv av skrekk... Trur grevlingen skjønte at eg vart redd, så den løp på hi sida av vegen. Då stod plutseleg Lene der med to grevlingar rundt seg, kor skulle ho gå henn? Lene valde å gå rett frem og håpe på det beste.

Lene var veldig glad når ho kom heim og var trygt inne i huset!

0 kommentarer: