CLICK HERE FOR BLOGGER TEMPLATES AND MYSPACE LAYOUTS »

søndag 5. oktober 2008

Korleis går det ann???

Eg trodde virkeleg detta ikkje var muleg... Hold dere godt fast! Nå på torsdag denne veka stod eg på utsia Rimi i Volda og venta på å bli henta. Det er nemleg ikkje berre å vere i ein butikk og ikkje minst å vente på utsia.

Lene står i kassa for å betale, då ein mann plutseleg seier til med "hei, huska dæ lissom ikkje heilt igjen, men korleis går det med foten din?...". Eg svarer "hmmm... eg må vel innrømme at eg ikkje veit ken du e... " Han blir tydeleg flau og vil eigentleg slutte samtalen der, men Lene fortsetter... Å, ja seier eg! Så spør han vidare, har du vore på kontroll eller? Og eg legger ut kor ti eg skal det også vidare. Legg merke til at HEILE denne samtalen foregår mellom to kassar med ein del kundar og mange matvarer. Det viste seg nemleg at denne mannen var kirurgen som blei tilkalt under operasjonen med han Njål Kasto.

5 min seinare står eg på utsia Rimi og det kommer ein mann gåande i ein stor fart inn i butikken. Han smiler litt tappert til meg, men eg skjønner ikkje ken det er. Han kjem fort ut igjen av butikken og går halvveis over gangfeltet før han brå snur og går mot meg. Då han går forbi meg sier han bare " søren heller, at det går ann... " også går han inn igjen i butikken. Etter ein stund kjem han ut igjen uten å sjå på meg eller noke. Eg prøvar å tenke, ken er dette?

Eg har vel komme frem til at det var nok hovudkirurgen som hadde operert meg ein veke tidlegare. Trudde eg skulle le meg i hel... :D

0 kommentarer: