CLICK HERE FOR BLOGGER TEMPLATES AND MYSPACE LAYOUTS »

tirsdag 25. november 2008

Den forblåste øy?

Det snør fortsatt utruleg mykje i Volda. Kor skal dette ende? Brøytehaugene blir berre høgare og høgare... Bilar kjører seg fast, men ellers er alt berre velstand. I dag har eg og Solbjørg holdt på å blåse avgårde. Vi var nemlig på gåtur på Valderøya seint i kveld. Det var ikkje berre enkelt, eller det vil sei at det var ganske enkelt å gå med vinden, men så fort vi snudde å vinden bestemte seg for å ikkje snu så fekk vi eit problem. Den lette ganga blei berre vanskeligare og vanskeligare. Likevel kom vi oss til slutt heim. Eg lurte ein stund på om Valderøya var ei veldig forblåst øy, men eg trur eigentleg ikkje dette er tilfelle. Ellers kan eg fortelle at vi har fordøyd ganske mange dyreparken is i kveld :D

0 kommentarer: