CLICK HERE FOR BLOGGER TEMPLATES AND MYSPACE LAYOUTS »

lørdag 15. november 2008

Gamle menn og bil-passer dei i lag?

Eg lurer litt på kva Ørsta folk og spesielt ein gammel mann er laga av. I dag då eg var i Ørsta med bilen til ein brukar (eg stod parkert) kjørte like godt ein gammel mann rett inn i bilen. Eller det vil sei rett inn i heisen på bilen! Det var så utrolig håplaust.Trur du ikkje at han berre kjørte vidare etterpå? Joda, han berre kjørte og skrapa opp heile sida på bilen sin. 2min seinare kjem han gåande forbi bilen, men her var det ikkje noken plan om å stoppe for å unnskylde seg nei... Han berre vingla vidare som ingenting var hendt eller han så litt forvirra ut ja! Eg lurte nesten litt på om han var berusa?

0 kommentarer: