CLICK HERE FOR BLOGGER TEMPLATES AND MYSPACE LAYOUTS »

torsdag 13. november 2008

Første utfordring:P

Ja, Monica! Eg tek utfordringa :D Her kjem det 7 hendingar frå Lene sitt liv sida 26.desember 1985:P

1. Då eg gjekk på Høgtun FHS skulle vi på møte i Molde. Etter møtet fekk eg servert solo (som etter dette har vore min rus), den gjekk rett i fletta på meg. Vi gjekk ut på utsida for å vente på å bli henta, men det eg ikkje visste var at ein del gutar var på tulle humør. Så dei knytta i lag skoa mine og fann ut av at dei skulle henge meg opp ned i ein "stolpe som har trafikklys". Der hang Lene opp ned rett foran eit gangfelt midt i rånerunda til dei tøffaste gutta i Molde by! Kvar gong dei kjørte forbi meg tuta dei. Blei hengande ein liten stund då det var veldig vanskelig å komme seg ned ved eiga hjelp (og klart at ingen gadd å hjelpe meg, for detta var då artig å sjå på). Til slutt knytta dei opp skoa og eg fortsatte min "litt uvanlige" oppførsel.

2. Vi er fortsatt på samme kveld som over. Vi er på veg til å bli henta, men vi finn ut av at det var jo artig i Molde så vi trenger ikkje å bli henta først. Vi setter oss på i den siste bilen som kjører innover mot skulen. Ei skjønn lærer henter oss. Det som viser seg å ikkje vere så smart er at eg har fått litt mer innabords enn lurt (vel og merke berre solo)! Eg fekk streng beskjed av dei andre at eg måtte holde kjeft heile vegen heim fordi eg berre surra og bølla. Dei var livredd for at skulen skulle ta alkotest på meg. Det var så utrolig gale. Då vi steg inn i bilen hadde eg ikkje sjans til å holde kjeft, så kjeften gjekk i ett heilt til vi kom heim (tre kvarter seinare)!!! Det blei aldri tatt noke alkotest på meg, men burde absolutt!!!

3. Hehe... Nå kjem det ein meddelse som eg ikkje hadde tenkt å sei til noken. Skriver den likegodt på bloggen eg ;) Det beste eg visste då eg var lita var å bade i badekaret i lag med mamma. Det synes å vere heilt normalt då ein er små, men når dette pågår til langt oppi tenåra så går det kanskje litt for langt ??? Eg bada med mamma i bade karet heilt til eg var 14år gammel!!! Eg hadde fryktelig lyst å bade mer i lag med mamma men då gjekk det opp for ho at eg var blitt for stor til det (til stor arging frå min side)!

4. Eg seier berre BIL!!! Lene sin gode (kanskje ikkje alltid) følgesvenn i tjukt og tynt. Det har skjedd mykje mellom Lene og ein bil siden 12.januar 2004, då Lene fekk lappen sendt i posten :D Siden den gong så har eg rygga inn i eit hus (med min første kjæreste sin bil, haha :P), kræsja front mot front (med mamma sin gamle bil, godt det), kjørt på raudt lys mange gonger (visste ikkje at det var lyskryss der eg), kjørt feil veg over gangfelt (kjørte altså den vegen ein skal gå... for i det heile tatt å komme ut feil på eit gangfelt måtte eg då ha kjørt feil før, noke som eg gjorde, sovna bak ratte (dette veit ikkje mamma, håper du ikkje leser dette), kræsja nesten i eit vikepliktskilt, kjørt over eit visst antall kanter på ulike ting +++ Eg kunne fortsatt til i morra tidlig trur eg. Min bil karriere er lang. Eg kan for eksempel legge ganske mykje ut om korleis Lene gjer då ho vasker bilen i vaskehall (spesielt siste gong før Lene skulle selge bilen sin)!!! Må heller ikkje glemme då det elektriske vindauge blei ødelagt i vask, så heile maskinen kom inn i bilen...


5. Då vi var små var det vanlig at alle barna i nabolaget leika i lag. Det som var det artigste var "spark på boks"! Både gutar og jenter var med på leiken. Midt under leiken finn Lene ut av at ho må så fryktelig på do for å tisse. Det Lene syns var veldig greit då var at ho satt fint bak ei leikestue. Lene tenkte så smart eg er som har gjemt meg her, eg kan jo berre sette meg ned å tisse her! For ein glimrande idè:D Det eg ikkje tenker på er at folk leiter jo etter meg så det er ein viss fare for at det kjem folk bak leikestua (akkurat på det tidspunktet var det ein gut som skulle finne oss)! I det eg sitt der bak leikestua å er nesten ferdig med å tisse kjem naboguten bak for å leite. Der ser han meg med buksa nede (han hadde bokstavelig talt fri innsikt)! Følte meg ganske flau etterpå ja...

6. Ein stund då eg var lita var det veldig mange elg og rådyr som vandra rundt i området der eg bodde. Ein dag då eg var på veg heim frå skulen traff eg på ein lite velkomen "kamerat". Eg sykla den dagen og venta ikkje å møte noken på vegen heim. Plutselig står det ein stor skapning foran meg. Kva trur du det var? Heilt riktig det var ein STOR elg!!! Lene står plutselig og har augekontakt med den STORE elgen. Elgen stod og sperra for heile vegen, eg hadde ikkje sjans til å komme meg forbi! Lene tenker og kjem frem til at ho skal skrike til elgen, men korleis trur du elgen reagerer då? Elger har kjensler dei også skjønner du! Så der står Lene og skriker elgen midt oppi trynet ein meter frå den. Kva blei resultatet? Det tok lang tid men elgen gjekk sin veg og Lene kunne sykle stille og rolig heim igjen.

7. Då eg var lita var eg veldig stille og beskjeden (skulle kanskje ikkje tru det). Eg ville ikkje gjere noken flue fortred, ville berre alle godt. I 5.klasse på barneskulen skulle vi ha ein vikar nokre dager. Ein av dagene skulle ho gjere litt stas på oss med å lage vafler og saft. Dette stod foran i klasserommet og vi skulle få forsyne oss etter gong. Eg var den som fekk begynne å forsyne meg, men det var ikkje så enkelt. Eg meiner sjølv at eg gjekk vanlig bort og tok vafler og saft, men andre i klassen reagerte veldig på måten og ikkje minst farten eg gjorde det i. Det heile endte med at eg fekk skylda for at alt gjekk i vasken og vi måtte skrive brev til klasseforstanderen vår om kva som gjekk galt. Eg kan enda ikkje forstå korleis EG kunne få skylda for dette, for det ikkje i den villeste fantasi at eg gjorde noke galt. Eg var jo livredd vaksne som var irriterte og sure. Det vil alltid vere ei gåte i mitt liv!

Ja, dette var ein liten innføring i kva mitt liv har bestått i. Eg kan love dere at dette kunne blitt mange sider, men skulle visst berre ha 7 punkt (difor desse blei litt store)!!! Håper dere har lært noke nytt om meg ;)

1 kommentarer:

Karialov sa...

du e så søt vennen. :)
men skjønte ikkje heilt koffer du fekk skulda. humhm.
stakar lille vennen.