CLICK HERE FOR BLOGGER TEMPLATES AND MYSPACE LAYOUTS »

fredag 21. november 2008

Dagens strabasiøse ferd til Langevåging :P

I dag skulle vi som sagt i bursdag i Langevåging. Det vi ikkje hadde regna med at det skulle bli snøstorm og veldig dårlige kjøreforhold, noko det altså blei. Turen til Langevåging gjekk eigentleg greit etter forholda, men turen heimover var det verre med. Vegene var veldig dårlig brøyta, var vi heldig at det var brøyta var det sjølvsagt berre brøyta på ei side av vegen. Vi kom oss tilslutt til Hovdebygda for å sette av ein som satt på med oss. Det viste seg at bilen hans var snødd ned og brøyta inne i løpet av kvelden. Det var umulig å få bilen ut, så vi måtte kjøre han heim. Klokka er 02.30 og vi kjører inn i Berkneset. Vegen var elendig brøyta, sjølvsagt berre i ein retning. Vi får levert han 03.00 og vi kjører vidare til Hovdebygda igjen. Det viser seg å ikkje berre vere enkelt. På vegen treffer vi ein brøytebil (heldigvis for oss, for vi var brøyta inne)! Til slutt kommer vi oss til Volda 03.30, men vi hadde ein utfordring igjen. Kjem vi oss opp bakken til huset? Nei, vi måtte parkere på gangfeltet den natta. Vi var eigentleg snødd inne ein stund.

1 kommentarer:

Monica sa...

Men Lene då.... Det heite Langevågen, ikkje Langevåging. Langevåging e jo folka som kjem frå Langevågen;)