CLICK HERE FOR BLOGGER TEMPLATES AND MYSPACE LAYOUTS »

mandag 2. februar 2009

Hjelp!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!

I dag då eg gjekk heim frå trening traff eg plutseleg på ein hund. Først trodde eg at den gjekk i lag med ein mann, men skjønte fort at den gjekk heilt aleine! Eg tenkte "hjelp, skal den store skumle hunden følge etter meg?" . Eg så for meg alle tenkelige episoder som kunne skje... Hunden løp etter meg og fulgte tydeleg etter meg heilt febrilsk. Etter at han hadde fulgt etter meg lenge så eg han ikkje lenger. Eg tenkte at endeleg har han gått sin veg, men neidå... Han kom løpande etter meg igjen og igjen. Eg bytta side på vegen ein del gonger for å slippe å gå på sida hunden, men ein av desse gongane kunne det gått virkeleg galt med hunden. Han løp ut i vegen rett foran ein bil. Det heile endte med at eg gjekk litt etter han vegen opp til huset vårt slik at han gjekk forbi vegen og eg kunne snike meg ned. Då eg runda hjørnet løp eg bort til døra, for å låse fort opp og løpe minst like fort inn!

1 kommentarer:

gry sa...

yes! forkledninga funka! kjente du mej virkelig ikkje att? endelig fikk ej lurt dej SKIKKELI! men når sant ska seiast, va d en smule vanskeli å komme sej ut av den kostyma ettepå.. og ej kjenne d fortsatt i knea ette å ha hoppa rundt på alle fire på asfalten..

forresten så he ej møtt tvllingen (eller i alle fall søstra) di!

håpe du he d bra :) ska du t stranda m krik?