CLICK HERE FOR BLOGGER TEMPLATES AND MYSPACE LAYOUTS »

torsdag 26. juni 2008

Dagen då ALT gjekk galt :P

Då var fyrste dag på jobben over for i sommar, og det blei ikkje akkurat den dagen eg hadde tenkt meg :P Eg trur eg har lært av mamma at det er lurt å holde youghurt, melk, juice og slike ting oppe på bordet... Haha... Noke som eg ikkje akkurat følgja i dag nei... Det som tidlegare (og for andre er ein enkel sak) var ein enkel sak blei i dag kjempe vanskeleg. Eg slet med å trille ei tralle med mat rett frem (ikkje spør meg kvifor) og ikkje minst å holde maten oppå tralla. Lene klarte likegodt fyrst å velte ned ein youghurt, ikkje lenge etter låg det melk, juice,baconost og youghurt på gulvet (IGJEN!!!). Hehe... Kva skulle eg gjere? Eg håpte at ingen kom og eg måtte rydde opp i ein fei. Det heile endte med at eg skjønte at eg måtte trille ei og ei tralle. Då eg trudde at alt uhell var over for denne dagen klarte eg å miste eit heilt brett med mat (til ein av pasientene vel og merke) rett ned på gulvet. På det fate stod det blant anna to "glass" med piller. Då følte eg meg ikkje veldig høg i hatten nei... Kva skulle eg gjere nå? Det heile endte med at eg måtte liggje på gulvet å finne alle pillene! Det blei heller litt komisk. Lene med rompa rett i veret og dei andre " måpende" på meg... Jaja, håper eg har lært!

0 kommentarer: