CLICK HERE FOR BLOGGER TEMPLATES AND MYSPACE LAYOUTS »

lørdag 21. juni 2008

Slik kom Njål Kasto inn i livet mitt :P


Ein spennande dag lå alt til rette for at det skulle bli i Hellas. Karianne, Siri og eg skulle ut på øyhopping på sjølvaste 17.mai. Dagen byrja bra, men då eg skulle prøve å snorkle for andre gong( legg merke til prøve) skjedde det som ikkje burde skjedd. Siri skulle vise meg noko tøft under vatn, langt borte frå båten. Men det Lene ikkje tenkte på var at ho blei jo sliten av å symje så langt... Så ho tenkte at å kunne ho setje ned føttene på nokre stein under vatn... Før ho rakk å setje ned føttene sparka ho foten borti "steinen" i stedenfor. Dette var noke eg ikkje skulle gjort... For oppå den steinen satt det ein kråkebolle ved namn Njål Kasto og koste seg :P Han satt å smilte frå øyre til øyre, men det han ikkje visste var at 17.mai var dagen som skulle forandre livet han sitt for alltid. Han skulle då gå frå å leve under vatn til å bli som eit menneskje. For han tok nemlig bolig i foten min og fann ut av at han skulle bli der for resten av livet vårt. Det var ikkje berre eg som måtte vende meg til Njål Kasto, han var minst like ivrig til å lære nye ting... Dette er historia om korleis Njål Kasto kom til verda ein vakker og solfylt mai dag i 2008 :P

2 kommentarer:

Anonym sa...

Jupp jupp du og han Njål, bestisar for evig ;-)

Kråkebolla;) sa...

haha... allti! vi begynner å trives i lag nå ;) bortsett frå at vi ikkje forstår kvarandre heilt enda :P