CLICK HERE FOR BLOGGER TEMPLATES AND MYSPACE LAYOUTS »

mandag 30. juni 2008

Kva skal eg gjere for å forstå Njål Kasto betre?

Dette er eit viktig tema for meg for tida. Njål Kasto prøver å forklare meg noke stadig vekk, men eg har vanskeleg med å forstå han. Trur han prøver å fortelle meg at han ikkje vil ha sko på seg, men problemet er at han ikkje forstår at eg må gå med sko når eg er på jobb! Kanskje eg bør ta enda mer omsyn til han, men kva skal eg gjere? Kan ikkje gå barfot på jobb heller... Har nå blitt kommandert til legen av dei andre pleierne på jobb nå. Dei mener at Njål Kasto må ut av foten min...

Men det store spørsmålet er: Kva er det Njål Kasto eigentleg vil? Noken som forstår?

0 kommentarer: