Dette er eit viktig tema for meg for tida. Njål Kasto prøver å forklare meg noke stadig vekk, men eg har vanskeleg med å forstå han. Trur han prøver å fortelle meg at han ikkje vil ha sko på seg, men problemet er at han ikkje forstår at eg må gå med sko når eg er på jobb! Kanskje eg bør ta enda mer omsyn til han, men kva skal eg gjere? Kan ikkje gå barfot på jobb heller... Har nå blitt kommandert til legen av dei andre pleierne på jobb nå. Dei mener at Njål Kasto må ut av foten min...
Men det store spørsmålet er: Kva er det Njål Kasto eigentleg vil? Noken som forstår?
mandag 30. juni 2008
Kva skal eg gjere for å forstå Njål Kasto betre?
Lagt inn av Kråkebolla;) kl. 08:48 0 kommentarer
søndag 29. juni 2008
Dagens morsomme hendelser :P
Morsomme kollegaer, masse sol og eit godt humør gir deg ein god start på kvelden! Alt lå tilrette for at det skulle bli ein morsom dag på jobben... Vi byrja med litt bollar og kaffe, der alt gjekk forholdsvis smertefritt. Tru det eller ei... Eigentleg gjekk denna kvelden veldi greit! Men latteren lå veldig laus... Vi ler veldig av ei dame som eg syns er faktastisk morsom :P Det blei vel ikkje gjort noke spesielt, men alt personen gjer er berre morsomt! Går dessverre ikkje ann å beskrive... Hehe...
Ellers havna eg på sokkane etter nokre få timar...
Lagt inn av Kråkebolla;) kl. 08:34 0 kommentarer
lørdag 28. juni 2008
Korleis havner ein mutter i felgen på ein bil?
Jo, det kan ein sei... Det er ikkje berre berre eigentleg! Eg har aldri i mitt liv fylt luft i dekka på ein bil, men eg tenkte at detta skulle gå bra :P Det viste seg at det var lettare sagt enn gjort...
Det heile endte med at muttaren falt nedi felgen (trur det er det desse delane heiter)! Å ka gjer ein då? Jo, nå skal du høyre :P Då fann eg ut av at eg måtte ta av den greia heilt på utsia hjulet (haha, veit ikkje ka den heiter :D ) Tralalala... Så heldigvis fann eg muttaren igjen :P Var litt nervøs ei lita stund ja :S
Kvelden endte heldigvis bra :D
Lagt inn av Kråkebolla;) kl. 08:15 0 kommentarer
torsdag 26. juni 2008
Ka gjer denne skapninga inne på mitt soverom?
Lagt inn av Kråkebolla;) kl. 07:10 0 kommentarer
Dagen då ALT gjekk galt :P
Då var fyrste dag på jobben over for i sommar, og det blei ikkje akkurat den dagen eg hadde tenkt meg :P Eg trur eg har lært av mamma at det er lurt å holde youghurt, melk, juice og slike ting oppe på bordet... Haha... Noke som eg ikkje akkurat følgja i dag nei... Det som tidlegare (og for andre er ein enkel sak) var ein enkel sak blei i dag kjempe vanskeleg. Eg slet med å trille ei tralle med mat rett frem (ikkje spør meg kvifor) og ikkje minst å holde maten oppå tralla. Lene klarte likegodt fyrst å velte ned ein youghurt, ikkje lenge etter låg det melk, juice,baconost og youghurt på gulvet (IGJEN!!!). Hehe... Kva skulle eg gjere? Eg håpte at ingen kom og eg måtte rydde opp i ein fei. Det heile endte med at eg skjønte at eg måtte trille ei og ei tralle. Då eg trudde at alt uhell var over for denne dagen klarte eg å miste eit heilt brett med mat (til ein av pasientene vel og merke) rett ned på gulvet. På det fate stod det blant anna to "glass" med piller. Då følte eg meg ikkje veldig høg i hatten nei... Kva skulle eg gjere nå? Det heile endte med at eg måtte liggje på gulvet å finne alle pillene! Det blei heller litt komisk. Lene med rompa rett i veret og dei andre " måpende" på meg... Jaja, håper eg har lært!
Lagt inn av Kråkebolla;) kl. 06:51 0 kommentarer
onsdag 25. juni 2008
Ka gjer eit gebiss på eit garasjeloft?:P
Lagt inn av Kråkebolla;) kl. 08:59 2 kommentarer
Ka gjemmer seg på garasjeloftet?!? :P

Lagt inn av Kråkebolla;) kl. 08:55 0 kommentarer