CLICK HERE FOR BLOGGER TEMPLATES AND MYSPACE LAYOUTS »

torsdag 22. januar 2009

Eplerulling :P

På veg til skulen i dag hadde eg eit eple i veska mi. Då eg skulle ta det opp for å spise det klarte eg å miste det ned på vegen så det rulla i veg. Eg tenkte, kva gjer eg nå? Det endte med at eg prøvde å gå fort etter for å ta det igjen (noko som viste seg å ikkje vere så veldig lett)... Det var nå glatt og eg så ikkje heilt for meg korleis eg skulle klare å fange det i fart. Difor endte det med at eg berre lot det rulle og rulle før det stoppa opp av seg sjølv, men eg så ikkje noko meir til det. Tror det landa i hagen til nokon (tenk om dei hadde komme ut av døra akkurat då eplet kom susande).... Tralalala ;) Haha...

0 kommentarer: