Volleyballhelga nærmer seg med stormskritt. Baggen blir snart pakka og ein er klar for å sette kursen mot Torvikbukt og idyllen Høgtun :D Kroppen skal trimmes både fysisk og psykisk. Både med volleyball og latter. Eg trur at den største utfordringa denne helga blir å klare å legge seg og ikkje minst stå opp igjen tidleg neste morgon. Det er så mykje som skal gjerast før ein kan køye for natta... Mange som skal snakkes med osv...
Dette blir ein bra helg folkens!!!
torsdag 16. oktober 2008
Det kribler i magen...
Lagt inn av Kråkebolla;) kl. 13:40 0 kommentarer
mandag 13. oktober 2008
Tegn på at ein begynner å bli vaksen!
Det viser seg berre meir og meir at Lene ikkje er ei lita jente lenger, sjølv om ho gjerne vil vere det.
5 tegn på at ein begynner å bli vaksen:
1. Blir høgare
2. Får meir ansvar
3. Skjønner kor tid blomstene trenger vatn
4. Begynner å synes at husarbeid er koselig
5.Baker
Dette er berre nokre tegn på at ein begynner å bli vaksen!
Har du nokre fleire forslag?
Lagt inn av Kråkebolla;) kl. 13:35 0 kommentarer
fredag 10. oktober 2008
Lene er redd skumle menn...
Lene er redd for å gå gjennom skogen!
Lene er redd skumle mannfolk!
Då kan du tenke dæ kombinasjonen skog og mannfolk... Hjelp! Hehe... Tok meg ei lita skogstur her om dagen. Kva traff Lene på då? Joda, eit mannfolk som stod å røyka ( tror han smugrøyka) for kjerringa. Hehe...
Lagt inn av Kråkebolla;) kl. 18:40 2 kommentarer
torsdag 9. oktober 2008
Visste du at...
Eg har levd i ca. 719107200 sekunder, ca. 11985120 minutter, ca. 199752 timar, 8323 dagar og 1189 veker.
I tillegg til dette så visste du at........ Pencilinen blei oppdaga ved eit uhell???
Lagt inn av Kråkebolla;) kl. 23:00 0 kommentarer
mandag 6. oktober 2008
Lene si nye oppdaging!
I dag har eg oppdaga kor krevande det kan vere med eit stort eple. For i dag trur eg så absolutt at eg har funne Noregs største eple! Eg tok bilde av det, men finn ikkje kabelen til kamerat så dere får sjå det her... Men kjem etterkvart ;)
Det var som eit stort måltid middag! Heilt sjukt :P
Lagt inn av Kråkebolla;) kl. 17:57 0 kommentarer
søndag 5. oktober 2008
Korleis går det ann???
Eg trodde virkeleg detta ikkje var muleg... Hold dere godt fast! Nå på torsdag denne veka stod eg på utsia Rimi i Volda og venta på å bli henta. Det er nemleg ikkje berre å vere i ein butikk og ikkje minst å vente på utsia.
Lene står i kassa for å betale, då ein mann plutseleg seier til med "hei, huska dæ lissom ikkje heilt igjen, men korleis går det med foten din?...". Eg svarer "hmmm... eg må vel innrømme at eg ikkje veit ken du e... " Han blir tydeleg flau og vil eigentleg slutte samtalen der, men Lene fortsetter... Å, ja seier eg! Så spør han vidare, har du vore på kontroll eller? Og eg legger ut kor ti eg skal det også vidare. Legg merke til at HEILE denne samtalen foregår mellom to kassar med ein del kundar og mange matvarer. Det viste seg nemleg at denne mannen var kirurgen som blei tilkalt under operasjonen med han Njål Kasto.
5 min seinare står eg på utsia Rimi og det kommer ein mann gåande i ein stor fart inn i butikken. Han smiler litt tappert til meg, men eg skjønner ikkje ken det er. Han kjem fort ut igjen av butikken og går halvveis over gangfeltet før han brå snur og går mot meg. Då han går forbi meg sier han bare " søren heller, at det går ann... " også går han inn igjen i butikken. Etter ein stund kjem han ut igjen uten å sjå på meg eller noke. Eg prøvar å tenke, ken er dette?
Eg har vel komme frem til at det var nok hovudkirurgen som hadde operert meg ein veke tidlegare. Trudde eg skulle le meg i hel... :D
Lagt inn av Kråkebolla;) kl. 22:47 0 kommentarer
fredag 3. oktober 2008
Internett er det største tidsslukeren på jorda!
Det er rart med den, men uansett kor kjedelig det kan vere å sitte på nettet gjer eg det likevel. Alltid eit eller anna som går ann å lese, gjerne for å slippe å gjere andre ting ( som burde gjerast ), som for eksempel skulearbeid. Sist nemte blir fort og enkelt skøvet til side og ikkje snakka om. Det er så greit heilt til å sitter der to veker før eksamen, hmmm... Har vi hatt om detta før???
Du ser då virkeleg ut som eit stort spørsmålstegn...
Rart med det, men eksamen ordner seg uansett ;) (Trøyst til deg Liv Grete :P )
Lagt inn av Kråkebolla;) kl. 22:41 1 kommentarer
