I dag var dagen då eg skulle få prøve meg på å lage gløgg og ikkje minst smake gløgg for fyrste gong!!! Det var ikkje så veldig enkelt dette her for eg har aldri laga gløgg før heller, men då var det bra at bruksanvisninga stod på flaska :D Haha... Det var faktisk ganske godt :D Eg vart redda av flaska!
søndag 30. november 2008
lørdag 29. november 2008
Lenge leve effektiviteten :D
Dagen i dag har vore veldig effektiv. Har fått gjort utruleg mykje på veldig kort tid. Jobb, volleyball og julebord. Alt dette mellom 0900 og 02.00! Høres kanskje ikkje så effektivt ut, men det var det. Jula har såvidt byrja å melde sin ankomst :P Hipp hurra :D
Lagt inn av Kråkebolla;) kl. 21:51 0 kommentarer
fredag 28. november 2008
Eksamensdag :P
Det er fredag og eksamen skal utleverast. Kanskje eg for ein gong skuld skal jobbe bra dei fyrste dagane av eksamen. Oppgåva var heilt grei, blei eigentleg som eg drømte. Eg drømte nemlig om eit langt kasus, å kva fekk vi jo eit langt kasus! Utruleg morsomt :D Haha... Så dei neste 10 dagane så er det jobbing med å få eksamen så bra som mogleg.
Lagt inn av Kråkebolla;) kl. 17:57 0 kommentarer
torsdag 27. november 2008
Poser???
Smart eller berre dumt? Poser er ein oppfinning som er ganske rar og ikkje minst så har poser ei tendens til å hope seg opp i store mengder. Kor skal ein gjere av dei? I tillegg til at dei hoper seg opp tener butikkane på at vi "vil ha" poser!!! Kan vi ikkje finne på noke anna?
Lagt inn av Kråkebolla;) kl. 16:04 0 kommentarer
onsdag 26. november 2008
Mannfolk bak ratte, lurt???
Okei, det er mykje snø og slaps i Volda, men det burde gå ann å kjøre normalt uansett??? I dag viste det seg at dette ikkje var så lett. På veg opp frå sentrum gjekk eg forbi nokre studenthus. På utsida eit av desse studenthusa var det ein MANN som prøvde å rygge ut frå parkeringsplassen, noko som viste seg å ikkje vere så enkelt. Han surra litt frem og tilbake men fekk tilslutt rygga bakover, men det viste seg at det gjekk litt fort. Han mista faktisk FREMPARTEN på bilen under rygginga. Heile skjermen forsvant! Trodde eg skulle le meg i hel!!!
Lagt inn av Kråkebolla;) kl. 23:09 0 kommentarer
tirsdag 25. november 2008
Den forblåste øy?
Det snør fortsatt utruleg mykje i Volda. Kor skal dette ende? Brøytehaugene blir berre høgare og høgare... Bilar kjører seg fast, men ellers er alt berre velstand. I dag har eg og Solbjørg holdt på å blåse avgårde. Vi var nemlig på gåtur på Valderøya seint i kveld. Det var ikkje berre enkelt, eller det vil sei at det var ganske enkelt å gå med vinden, men så fort vi snudde å vinden bestemte seg for å ikkje snu så fekk vi eit problem. Den lette ganga blei berre vanskeligare og vanskeligare. Likevel kom vi oss til slutt heim. Eg lurte ein stund på om Valderøya var ei veldig forblåst øy, men eg trur eigentleg ikkje dette er tilfelle. Ellers kan eg fortelle at vi har fordøyd ganske mange dyreparken is i kveld :D
Lagt inn av Kråkebolla;) kl. 23:39 0 kommentarer
mandag 24. november 2008
Svar på den siste gåta:)
Ja, folkens... Den siste gåta var dere utruleg flinke på. Berre noken få som svarte feil. Vettu kva? Eg syns at ELDRE er nokre av dei frekkaste menneskene... Dette mykje grunna gjentatte gonger der eldre har sneket i køen på butikken osv... Og ei klager på oss???
Kva vi skal gjer for å tilfredsstille dei?
Lagt inn av Kråkebolla;) kl. 17:48 0 kommentarer
