CLICK HERE FOR BLOGGER TEMPLATES AND MYSPACE LAYOUTS »

lørdag 31. januar 2009

Artig???

Helga har vore så utroleg morsom :D Den store leiken har vore motsatt gjemsel. Der ein gjemmer seg, for så at alle andre skal finne den eine personen for så å gjemme seg i lag med han. Begge gongene denne leiken blei leikt fann eg personen ganske seint (ikkje så smart)! Kan virkeleg anbefalast :D

fredag 30. januar 2009

Setter nesa mot Ørskogfjellet!

Helga har kommet og vi setter nesa mot Ørskogfjellet, det er tur med Voks i helga. Vi skal spise masse mat og ikkje minst kose oss minst like mykje :D Det skal bli så utrolig deilig å ha fri ein HEIL helg frå jobb (noko som er veldig uvanlig)! Nå blir det berre tull og bøll i helga.

Ha ei fin helg alle sammen :D

torsdag 29. januar 2009

Spennande dag for lille Lene :)

Spennande dag for lille Lene... I dag har eg vore på jobb. Det gjekk heilt etter planen, men kunne lett gått annleis... (jejeje) Eg imponerte meg sjølv med at eg var veldig rolig og beherska heile vakta. Eg føler at eg ikkje lot meg skremme eller nokon sånne ting. Den største utfordringa i dag har vel eigentleg vore meg sjølv... Det er ei stor prestasjon at eg ikkje sovna på jobb i dag...*stolt*

onsdag 28. januar 2009

Lene - eit unikum?

Det er mange rare ting her i verda... Eg har eigentleg funne ut av kvifor eg ikkje skjønner noko. Eg er litt unormal der eg står og kikker ut over Volda town :P Er det eit poeng å forstå alt her i verda? Eg kjenner meg til tider litt spesiell. Tipper du som leser dette sitter og nikker med deg sjølv og ler. Tankene dine svirrer og du kjenner endeleg at du kan få sagt akkurat det du vil til meg... Fyr laus!

tirsdag 27. januar 2009

"Ej tror ej klikker"

"Ej tror ej klikker"! I dag tapte Norge mot Polen i mellomrunden på ein teit måte. Derfor endte VM med ein niande plass for Norge! Utrolig kjedelig siden dei gjorde det så bra lenge... Dei kunne vore litt mer heldige syns eg... Men men betre lykke neste gong!

Nokre meininger om dette?

mandag 26. januar 2009

Svar på den siste gåta:)

Då eg var på veg til skulen her om dagen mista eg eit eple ut av veska... Det er eigentleg ikkje sikkert kor langt det trilla, men ville nesten tro 100 meter! Turen endte i ein hage... Eg var veldig glad for at ingen kom ut døra av det huset... Då hadde det muleg blitt spetakkel :P Så dere gjorde det rimelig bra :D

søndag 25. januar 2009

For eit ver :D

I dag har eg utnytta dagen på jobb. Vi har vore ute og gått i solskinnet :D Det har vore heilt fantastisk! Har brukt over ein time på ein runde som vanlegvis tek ein halv time ;) Stoppe og kikka og var heilt i hundre. Alle som ikkje var ute i dag og opplevde det fine veret burde angre stort! Det hjelper for sinnet med litt luft og ikkje minst lufta seg slik at ein IKKJE sovner!!!