CLICK HERE FOR BLOGGER TEMPLATES AND MYSPACE LAYOUTS »

onsdag 7. januar 2009

Svar på den siste gåta:)

I romjula var eg på Oppdal for å stå på ski. Mitt spørsmål var då ka skjedd denne dagen på Oppdal?
* Riktig svar var "Lene blei skjelt ut av ein mann".
Det var så patetisk at eg holdt på å daude. Han blei sinna fordi eg hadde lagt skia mine rett på utsida døra inn til varmestua, men eg var på veg til å pakke skia samen... Eg sa eigentleg berre igjen til han og han gjekk heldigvis bort med ein gong.

tirsdag 6. januar 2009

Snakk om å vere frempå...

I dag flytta Solbjørg hit til Volda. Eg var med ho på befaring på hybelen. Då vi var der nede kom putseleg husverten ned for å servere oss vafler og te. Vi blei med opp for å spise dette... Då eg skulle sette meg ned i sofaen tok eg av meg lua... Veit ikkje om det var så lurt... For då opna nemlig ho dama munnen sin og sa " Nå blei du fin ja... " også tenkte ho nok sitt tipper eg. Ei dame på 85år som slenger slike kommentarer har eg aldri vore med på før. Kva blir det neste?

mandag 5. januar 2009

Lene har blitt vaksen :)

Lene har i natt hatt sin første nattevakt heilt aleine. Det passer seg ikkje heilt vil eg påstå, men det gjekk sin gang... Lene hadde ansvaret heilt aleine for 3brukarar og ikkje minst seg sjølv (som vanlegvis er ein stor utfordring)! Til min store forundring skjedde det ikkje noko spesielt denne natta, bortsett frå at på morran fann eg ein brukar på tvers ropande i senga... Hmmm...

søndag 4. januar 2009

Setter nesa mot Volda :)

Volda here I come! Nå er det klart for nytt semester og ikkje minst nye moglegheiter. Dette kjem til å bli eit knallbra semester med masse utfordringar. Eg trur eg kjem til å lære meir desse månadene enn eg har klart til nå i livet mitt ;) Nå får eg sjå go`piene mine igjen også ;) Karianne, Monica og Solbjørg, I miss you ( og Siri)! Dette blir bra ;)

lørdag 3. januar 2009

Lurer du på kva som skjer i Lene sitt liv?

Du kan berre slutte å lure... I dag har det ikkje skjedd nokon ting. Eller det vil sei at eg ikkje har gjort noko spesielt å meddele med dere kjære godtfolk. Dagen har gått rolig for seg uten større anstrengingar. Eg er tilfreds med tilværinga :)

Hold your head high!

fredag 2. januar 2009

Oppdal-sjukestua???

Om eg seier eg skal på Oppdal har det vore vanleg at det er det sammen som at eg skulle sagt, tek meg ein tur på sjukestua eg. Dette stemmer ikkje heilt frå i dag... I dag har eg faktisk klart meg uten uhell av dei større slag. Hadde berre eit tryn, men det var rimeleg kontrollert. Eg er stolt! Eg skjønner at det skjer annenkvar sesong. Det er heilt merkeleg. Eg er litt redd for å ta alle gleder på forskudd for heile vinteren, men den har i alle fall byrja godt :D Yes! Håper fortsettinga blir like bra :)

torsdag 1. januar 2009

Velkomen 2009!

Nytt år, nye moglegheiter! Spenninga stiger, kva vil dette året gi oss? Kanskje masse snø så vi må grave oss ut av huset? Det hadde vore spennande ;) Haha... Ein kan sitte å gruble og fantasere lenge, men eigentleg ikkje komme fram t nokon ting. Kva meiner du?