CLICK HERE FOR BLOGGER TEMPLATES AND MYSPACE LAYOUTS »

lørdag 31. januar 2009

Artig???

Helga har vore så utroleg morsom :D Den store leiken har vore motsatt gjemsel. Der ein gjemmer seg, for så at alle andre skal finne den eine personen for så å gjemme seg i lag med han. Begge gongene denne leiken blei leikt fann eg personen ganske seint (ikkje så smart)! Kan virkeleg anbefalast :D

fredag 30. januar 2009

Setter nesa mot Ørskogfjellet!

Helga har kommet og vi setter nesa mot Ørskogfjellet, det er tur med Voks i helga. Vi skal spise masse mat og ikkje minst kose oss minst like mykje :D Det skal bli så utrolig deilig å ha fri ein HEIL helg frå jobb (noko som er veldig uvanlig)! Nå blir det berre tull og bøll i helga.

Ha ei fin helg alle sammen :D

torsdag 29. januar 2009

Spennande dag for lille Lene :)

Spennande dag for lille Lene... I dag har eg vore på jobb. Det gjekk heilt etter planen, men kunne lett gått annleis... (jejeje) Eg imponerte meg sjølv med at eg var veldig rolig og beherska heile vakta. Eg føler at eg ikkje lot meg skremme eller nokon sånne ting. Den største utfordringa i dag har vel eigentleg vore meg sjølv... Det er ei stor prestasjon at eg ikkje sovna på jobb i dag...*stolt*

onsdag 28. januar 2009

Lene - eit unikum?

Det er mange rare ting her i verda... Eg har eigentleg funne ut av kvifor eg ikkje skjønner noko. Eg er litt unormal der eg står og kikker ut over Volda town :P Er det eit poeng å forstå alt her i verda? Eg kjenner meg til tider litt spesiell. Tipper du som leser dette sitter og nikker med deg sjølv og ler. Tankene dine svirrer og du kjenner endeleg at du kan få sagt akkurat det du vil til meg... Fyr laus!

tirsdag 27. januar 2009

"Ej tror ej klikker"

"Ej tror ej klikker"! I dag tapte Norge mot Polen i mellomrunden på ein teit måte. Derfor endte VM med ein niande plass for Norge! Utrolig kjedelig siden dei gjorde det så bra lenge... Dei kunne vore litt mer heldige syns eg... Men men betre lykke neste gong!

Nokre meininger om dette?

mandag 26. januar 2009

Svar på den siste gåta:)

Då eg var på veg til skulen her om dagen mista eg eit eple ut av veska... Det er eigentleg ikkje sikkert kor langt det trilla, men ville nesten tro 100 meter! Turen endte i ein hage... Eg var veldig glad for at ingen kom ut døra av det huset... Då hadde det muleg blitt spetakkel :P Så dere gjorde det rimelig bra :D

søndag 25. januar 2009

For eit ver :D

I dag har eg utnytta dagen på jobb. Vi har vore ute og gått i solskinnet :D Det har vore heilt fantastisk! Har brukt over ein time på ein runde som vanlegvis tek ein halv time ;) Stoppe og kikka og var heilt i hundre. Alle som ikkje var ute i dag og opplevde det fine veret burde angre stort! Det hjelper for sinnet med litt luft og ikkje minst lufta seg slik at ein IKKJE sovner!!!

lørdag 24. januar 2009

Årets kommentar!

I går var eg på bading med ein brukar på jobb. Vi blei køyrt frem og tilbake til bassenget av samme taxisjåfør. Han var ganske artig og hadde tydelig humor. Då vi skulle bli henta etter endt badetur hadde vi gått litt lenger enn han forventa. Han blei ganke lattermild av dette og sa at kvifor bestiller dere taxi når dere går likevel? Hehe... Då vi kom frem til bestemmings stedet "klappa" brukaran taxisjåføren på kinnet og sa " det er greit eg gjer dette"? Han svarte at dette syns ikkje han var noko greit... Vidare blei han teken på låret, og han svarte akkurat det samme. Rett før vi gjekk ut av taxien kom han med kommentaren:

" det er det næraste eg har komme eit sexpress i heile dag"!!!

Eg trodde eg skulle le meg i hel. Eg fallt nesten ut taxien og lo resten av kvelden :D

fredag 23. januar 2009

Lene - den nye kråkebollologen ;)

Etter eit sjukehus besøk i går har eg utnevnt meg sjølv til kråkebollolog ;) Du lurer kanskje på kva det går ut på? Ja, syns faktisk det er verdt å ta kontakt med meg angåande dette. Njål blei sjekka av kirurgen som opererte han i september i går. Han meinte at Njål alltid kom til å bli ein del av meg, for det er ikkje så lurt å snitte opp i foten fleire gonger å evt. berre gjere vondt verre. Han trudde muligens at grunnen til at Njål lager så mykje trøbbel nå kunne vere at kroppen prøvde å ordne ting sjølv. Dette blir spennande!

torsdag 22. januar 2009

Eplerulling :P

På veg til skulen i dag hadde eg eit eple i veska mi. Då eg skulle ta det opp for å spise det klarte eg å miste det ned på vegen så det rulla i veg. Eg tenkte, kva gjer eg nå? Det endte med at eg prøvde å gå fort etter for å ta det igjen (noko som viste seg å ikkje vere så veldig lett)... Det var nå glatt og eg så ikkje heilt for meg korleis eg skulle klare å fange det i fart. Difor endte det med at eg berre lot det rulle og rulle før det stoppa opp av seg sjølv, men eg så ikkje noko meir til det. Tror det landa i hagen til nokon (tenk om dei hadde komme ut av døra akkurat då eplet kom susande).... Tralalala ;) Haha...

onsdag 21. januar 2009

Kva foregår i hodet til 10årige jenter?

I dag så eg skulle gå heim frå skulen gjekk eg forbi fire jenter i 10års alderen kanskje... Dei var fryktelig fnisete og kikka tydeleg bort på meg for å få ei reaksjon frå meg på deira åtferd. Etter at vi hadde undervisning om samtaler med barn i dag tenkte eg at eg skulle prøve å reagere på ein litt god måte, men korleis gjekk det eigentleg? Ho eine slang seg ned på bakken for å få min merksamd... Kva skulle eg ha gjort? Det endte med at eg smila til dei også gjekk eg rett forbi. Hadde eigentleg tenkt å kommentere, men kjente at det kanskje blei litt dumt også...

tirsdag 20. januar 2009

Lene - snikekongen???

Eg vil berre meddele at sniking er good! Eg byrjar å få litt erfaring på emne ettersom eg aldri gidder å gå heile vegen heim frå skulen uten å gå over nokon hager osv. Det vil sei eg går berre over ei hage. Kjenner at det er litt "scary" då eg har blitt ferska ein gong. Kanskje eg burde roe meg litt ned ein stund? Kva syns dere?

mandag 19. januar 2009

Hmmm...

Livet er fantastisk bra :) Likevel har eg mange "rare" spørsmål som eg sikkert aldri kjem til å få besvart. Eg tenker spesielt på ein ting... "Den verda eg ser, korleis kan eg vere sikkert på at det er den verda andre ser også"? Eg blir heilt gal a å tenke på det... Tror eg berre må slutte å filosofere! Hehe... Nokon som har nokon gode svar?

søndag 18. januar 2009

Mørket - den snikande fare...

Det kan igjen konstanteres at eg er mørkredd (og eg er nesten stolt av det)! I dag har vi vore på køyretur til Berknes, der det er drit skummelt. Det er ikkje gate lys og det er ikkje biler heller... Kva eg skulle gjort om vi hadde stoppa mitt i skogen der? Eg hadde tissa i buksa! Ikkje køyr der det er mørkt, for då utsett du deg for unødig fare! Hold deg på den vetige vegen ;)

lørdag 17. januar 2009

Popcorn - kva brukast det til?

I dag har Nikoline og eg eksprimert med popcorn. Etter kvart som vi spiste fann vi ut av at det var for lite salt. Difor valde vi å salte dei mykje meir. Til vår store fortviling festa ikkje saltet seg så då måtte vi til med alternative måter å få saltet til å henge på popcorna. Etter mykje fram og tilbake fann vi ut av at den enklaste måten og gjere det på var å ta salt i handa og legge popcornet oppå, og deretter "kaste" alt inn i munnen ;) Dette funka heilt greit, men eg etterlyser ei anna metode...

Nokon som har nokon tips?

fredag 16. januar 2009

Svar på den siste gåta:)

Spørsmålet var kva var det som kom inn på rommet til ein brukar i dag?
* Det var ein katt! Lettare sagt ein katt som ikkje liker at eg kaster han ut igjen... Kan ikkje skjønne det... Hehe...

Det var berre to av dere som svarte riktig på dette spørsmålet... Yes! Eg klarte og nesten lure dere enda ein gong ;)

torsdag 15. januar 2009

Skulen - eit merkelig sted...

I dag ville eg berre meddele at skulen er eit merkelig sted å oppholde seg. For det første syns eg det er eit merkelig konsept der ein møtast for å lære dei samme tinga men ein har ulike forutsetnader... Ut i frå din tidlegare lærdom må du klare deg gjennom skuledag på skuledag. Til min store forundring så går det greit med omtrent alle (alltid unntak som bekrefter regelen)! Syns dere kan filosofere litt over skulen og kva den gjer i liva til folk i dag...

onsdag 14. januar 2009

Ålebyen - sure Mc Donalds folk :S

Eg glemte det heilt bort... I går var eg og Karianne på Moa og handla som berre det. Vil kanskje ikkje påstå at vi handla lite akkurat, men det skal seiast at vi hadde det utruleg gøy. Det var ekstremt masse sal og vi berre kosa oss. Ein ting vi kjem til å huske lenge er turen vår på Mc Donalds... Dei hadde så utruleg dårlig service, eg trudde eg skulle gå der i frå uten mat og alt ein stund. Hadde eigentleg berre lyst å stå der å klage! Det er så utruleg unødvendig å ikkje vere hyggelig.

tirsdag 13. januar 2009

Bøll...

I dag har det bare vore bøll. Det har ikkje skjedd så altfor mykje i Lene sitt liv i dag. Eigentleg så berre koser eg meg og gjer det eg har lyst til. Det er så utruleg deilig... Prøver å varme opp til ein lang jobbehelg med masse å gjere (som for eksempel å lese pensum...). Nokon som har nokre gode ideèr på korleis ein kan bli gira til å lese masse? Eg sliter litt med å vere seriøs må eg innrømme...

mandag 12. januar 2009

Snøen - borte?

Ja, folkens... Nå kan eg meddele at snøen er heilt borte i Volda (nesten i alle fall). Vegene er igjen fine og ein kan bevege seg uten å tryne... Eg er veldig godt nøgd :D Let dette fortsette! Snøen kan få vere oppe i fjella så vi berre kan sjå på den :P Det passer meg perfekt! Lurer litt på kor snøen har reist henn eg??? Nokon som har nokon forslag?

søndag 11. januar 2009

Søndag - den store utfordringa!

I dag er det søndag og det vil sei avslapning, men om ein då må på jobb klokka åtte om morran så... Ja, dagen blir mer eller mindre øydelagt ja... Lene går ut døra for å gå på jobb, klokka viser 07.30 og Lene vil heller sove trygt heime i senga si. I stedefor å sove til tolv tar Lene fatt på gåturen til jobb (overlevde faktisk denne gangen også). I dag syns eg likevel at eg gjorde det godt på jobb. Eg var så utruleg trøtt, i alle fall når brukaren sovner (så eg tok meg ein avslapnings stund i lag med brukaren eg... Du kan forsåvidt tenke deg kva som skjedde då...) Yes! Dagen blei bra likevel, tross alt.

lørdag 10. januar 2009

Regngåta...

Eg må berre sei at dere hadde veldig mange gode ideèr med å løyse regngåta. Kanskje eg skal bli med i Skaperen og finne opp ein presenning som vi kan strekke over heile Volda når det regner. Nå kan eg fortelle at snøen er heilt borte. Eller det vil sei det er snø nokon plassar der det r STORE hauger med snø! Nå skal eg begynne å tenke på korleis eg skal gjere det...

fredag 9. januar 2009

Regn, regn og atter regn!

Eg kan meddele at det REGNER i Volda for tida!!! Det er heilt villt her nede på sunnmøre... Regnet "laver" ned og ein kan ikkje gå nokon plass uten å vere gjennomvåt. All den fine snøen som kom i jula har nå på kort tid nesten regna heilt bort. Kva skal vi gjere? Nokon som har nokon forslag til tiltak? Hehe... Alt tas imot med takk ;)

torsdag 8. januar 2009

Solbjørg - min sol :)

I dag har Solbjørg, Karianne og eg vore og trent. Det var eit utruleg artig syn vil eg påstå. Vi "løp" rundt og trodde vi var kjempe spreke. Eg er eigentleg lad for at det var veldig få folk der denne dagen. Fann vel ut av at det ikkje var folk der på grunn av at torsdag er "potetball dag" her i Volda ;)

onsdag 7. januar 2009

Svar på den siste gåta:)

I romjula var eg på Oppdal for å stå på ski. Mitt spørsmål var då ka skjedd denne dagen på Oppdal?
* Riktig svar var "Lene blei skjelt ut av ein mann".
Det var så patetisk at eg holdt på å daude. Han blei sinna fordi eg hadde lagt skia mine rett på utsida døra inn til varmestua, men eg var på veg til å pakke skia samen... Eg sa eigentleg berre igjen til han og han gjekk heldigvis bort med ein gong.

tirsdag 6. januar 2009

Snakk om å vere frempå...

I dag flytta Solbjørg hit til Volda. Eg var med ho på befaring på hybelen. Då vi var der nede kom putseleg husverten ned for å servere oss vafler og te. Vi blei med opp for å spise dette... Då eg skulle sette meg ned i sofaen tok eg av meg lua... Veit ikkje om det var så lurt... For då opna nemlig ho dama munnen sin og sa " Nå blei du fin ja... " også tenkte ho nok sitt tipper eg. Ei dame på 85år som slenger slike kommentarer har eg aldri vore med på før. Kva blir det neste?

mandag 5. januar 2009

Lene har blitt vaksen :)

Lene har i natt hatt sin første nattevakt heilt aleine. Det passer seg ikkje heilt vil eg påstå, men det gjekk sin gang... Lene hadde ansvaret heilt aleine for 3brukarar og ikkje minst seg sjølv (som vanlegvis er ein stor utfordring)! Til min store forundring skjedde det ikkje noko spesielt denne natta, bortsett frå at på morran fann eg ein brukar på tvers ropande i senga... Hmmm...

søndag 4. januar 2009

Setter nesa mot Volda :)

Volda here I come! Nå er det klart for nytt semester og ikkje minst nye moglegheiter. Dette kjem til å bli eit knallbra semester med masse utfordringar. Eg trur eg kjem til å lære meir desse månadene enn eg har klart til nå i livet mitt ;) Nå får eg sjå go`piene mine igjen også ;) Karianne, Monica og Solbjørg, I miss you ( og Siri)! Dette blir bra ;)

lørdag 3. januar 2009

Lurer du på kva som skjer i Lene sitt liv?

Du kan berre slutte å lure... I dag har det ikkje skjedd nokon ting. Eller det vil sei at eg ikkje har gjort noko spesielt å meddele med dere kjære godtfolk. Dagen har gått rolig for seg uten større anstrengingar. Eg er tilfreds med tilværinga :)

Hold your head high!

fredag 2. januar 2009

Oppdal-sjukestua???

Om eg seier eg skal på Oppdal har det vore vanleg at det er det sammen som at eg skulle sagt, tek meg ein tur på sjukestua eg. Dette stemmer ikkje heilt frå i dag... I dag har eg faktisk klart meg uten uhell av dei større slag. Hadde berre eit tryn, men det var rimeleg kontrollert. Eg er stolt! Eg skjønner at det skjer annenkvar sesong. Det er heilt merkeleg. Eg er litt redd for å ta alle gleder på forskudd for heile vinteren, men den har i alle fall byrja godt :D Yes! Håper fortsettinga blir like bra :)

torsdag 1. januar 2009

Velkomen 2009!

Nytt år, nye moglegheiter! Spenninga stiger, kva vil dette året gi oss? Kanskje masse snø så vi må grave oss ut av huset? Det hadde vore spennande ;) Haha... Ein kan sitte å gruble og fantasere lenge, men eigentleg ikkje komme fram t nokon ting. Kva meiner du?